Erfaring – kva viser tidlegare marknadsaktivitetar? - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Erfaring – kva viser tidlegare marknadsaktivitetar?

Etter at vi har avslutta ein marknadsaktivitet, er det alltid viktig å evaluere. Kva fungerte bra, og kva kan vi gjere betre? Har vi gode rutinar for å evaluere aktivitetane våre, har vi òg eit godt utgangspunkt neste gong vi planlegg ein aktivitet.

Når vi set opp ein marknadsføringskampanje på Facebook eller i annonseverktøyet Google Ads, vil vi gjennom heile kampanjeperioden kunne følgje med på

  • kor mange unike brukarar annonsen har blitt vist til
  • kor mange gonger kvar brukar har sett annonsen
  • kor mange som har klikka seg inn på nettstaden vår frå annonsen
  • kor mange som har gjennomført ei ønskt handling (kjøpt eit produkt, sendt inn kontaktskjema, meldt seg på nyheitsbrev, og så vidare)
  • kor mykje pengar vi har brukt

På Facebook vil vi òg sjå kor mange som har engasjert seg i annonsen (til dømes ved å reagere på han, dele han eller kommentere han).

Ved å samanlikne tala frå ulike kanalar, til dømes kor mykje pengar vi har brukt, og kor mykje vi har fått igjen, ser vi kva for kanalar som har fungert best. Dette er informasjon vi kan bruke neste gong vi planlegg ein tilsvarande kampanje.

Innsikt ved bruk av analyseverktøy

Vi kan òg skaffe oss innsikt i målgruppene våre og kva kanalar dei bruker, ved å nytte oss av analyseverktøy. Eksempelvis kan vi bruke gratisverktøyet Google Analytics, som ved hjelp av ein sporingskode på nettstaden vår samlar inn data om dei som besøkjer nettstaden. Ved å studere data som er samla opp over tid, kan vi sjå kva kanalar som fungerer best.

Dei to bileta nedanfor er henta frå ein demonstrasjonskonto i Google Analytics og viser kvar trafikken inn til ein nettstad kjem frå.

Statistikken frå Google Analytics fortel oss mellom anna dette:

  • Det har vore 194 729 brukarar inne på nettstaden i ein gitt periode.
  • Cirka 55 prosent av trafikken er såkalla organisk trafikk frå Google (organisk trafikk er når nokon klikkar på ei lenkje i søkeresultatet som ikkje er ein betalt annonse)
  • 1,6 prosent av brukarane kjem frå Google cpc («cost per click», som er trafikk frå personar som har klikka på ein betalt annonse i søkjeresultatet på Google)
  • Nesten 40 prosent av trafikken kjem frå USA.

Vi ser òg at organiske søkjeresultat på Google er den kjelda, eller kanalen, som har gitt flest transaksjonar. Vi kan med andre ord seie at for denne nettstaden er organiske søkjeresultat på Google den viktigaste kanalen både for trafikk og for transaksjonar.

Det finst fleire typar analyseverktøy. Nokre må vi betale for, andre er gratis. I dei fleste sosiale medium har vi gratis tilgang til analyseverktøy. På Facebook har vi til dømes Facebook Innsikt, der vi kan bli betre kjende med følgjarane våre.

Innsikt hjelper oss å prioritere kanalar

Som marknadsførarar har vi mange kjelder til informasjon om kven vi når gjennom dei ulike kanalane. Ved å halde denne informasjonen saman med kva målgrupper vi ønskjer å nå, får vi innsikt som hjelper oss å prioritere dei riktige kanalane for marknadsaktivitetane våre.

Skrive av Anette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020