Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kunst laga av tre

Å bruke tre som materiale har lange tradisjonar. Ulike teknikkar som spikking, utskjering, dreiing og samanføying gjer det mogleg å få fram ulike kunstnariske uttrykk. Vi skal sjå nærmare på nokre historiske verk og på korleis tre er brukt til å skape kunstverk i nyare tid.

Historiske verk

Urnesportalen

Urnes stavkyrkje, eit romansk kyrkjebygg i tre, er eit godt døme på kor allsidig tre er som materiale. Portalen på nordsida av kyrkja stammar frå ein eldre kyrkjebygning frå 1070. Han har detaljerte utskjeringar av band og fabeldyr. Ornamentikken er laga i vikingtradisjon og har gitt namn til urnesstilen.

Vikingskip

Vikingane laga vakre, funksjonelle skip og hadde kunnskapar om kva treemne som var best eigna til å tole kreftene på sjøen. Vikingskipa var eit resultat av samarbeid mellom fleire dyktige handverkarar som hadde kunnskapar om konstruksjon, samanføyingar og utsmykking.

Treskulpturar

Drakkar-Leviathan står på Skage på Vardøya i Finnmark. Skulpturen har blitt eit landemerke og er ei hyllest til Arktis, naturen og mennesket. Referansen til Osebergskipet er tydeleg. Namnet på verket er sett saman av drakkar som betyr langskip, og leviathan som er namnet på den mytologiske urhavsdraken, men det er òg det vitskaplege namnet på gigantiske forhistoriske kvalar. Med det i tankane, korleis tolkar de skulpturen?

Kristian Kvakland (1927–2011)

Skulpturane på bileta under viser to av Kristian Kvaklands skulpturar. Han kombinerte gjerne metall og store treemne. Treet i skulpturane er glatt og menneskeliknande. Korleis tolkar de dei to kunstverka?

Liv Mildrid Gjernes (f. 1954)

Liv Mildrid Gjernes er kjend for kiste- og skapformer med røter både i folkekunst og framande kulturar. Ho bruker ofte tre i kunstverka sine, men treet blir gjerne måla, skore inn i eller tilarbeidd på andre måtar.

Meiningsinnhaldet blir ofte viktigare enn funksjonen i verka hennar. På biletet under ser vi eit kunstverk ho har kalla Einebustad for fri fantasi. Korleis tolkar de dette kunstverket?

Du kan sjå fleire av kunstverka hennar på nettsida Liv Milrid Gjernes.

Diskuter

I kva grad er tre eit berekraftig materiale?

Kjelder

Danbolt, G. (2009). Norsk kunsthistorie. Bilde og skulptur frå vikingtida til i dag. Det Norske Samlaget.

Groth, B. (2025, 25. februar). Leviatan. I Store norske leksikon. https://snl.no/Leviatan

Liv Mildrid Gjernes. (2024, 26. november). I Store norske leksikon. https://snl.no/Liv_Mildrid_Gjernes

Norges Verdensarv (u.å.). Urnes stavkirke. Henta 19. mai 2026 frå https://www.norgesverdensarv.no/urnes-stavkirke

Wikipedia. (u.å.). Livyatan. Henta 19. mai 2026 frå https://en.wikipedia.org/wiki/Livyatan

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 18.05.2026