Fagfornyinga i kroppsøving - Kroppsøving (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagfornyinga i kroppsøving

I samanheng med fagfornyinga har vi revidert gamle sider og utarbeidd nye ressursar til kroppsøvingsfaget. Her finn du informasjon om dei nye ressursane, om korleis vi har bygd opp faget, og om kvifor vi har gjort det akkurat slik.

Progresjon

Slik faget og læreplanen er bygd opp, er det mange emne, tema og mål som det er naturleg å jobbe med gjennom både vg1, vg2 og vg3. For å utvikle seg i kroppsøving treng elevane tid, derfor er det viktig å tenkje progresjon i faget. Vi har laga ressursar du kan bruke uavhengig av trinn og nokre ressursar med forslag til ein progresjon mellom trinn.

Same innhaldet på vg1, vg2 og vg3

Vi har valt å bygge opp faget slik at innhaldet på vg1, vg2 og vg3 er likt, med dei same emnene og dei same ressursane i kvart emne. Ressursane som er berekna på eitt bestemt trinn, er merkte med det aktuelle trinnet i tittelen. Elles er alle ressursane merkte med aktuelle kjerneelement og kompetansemål, somme òg med tverrfagleg tema. Desse er søkbare, slik at du kan finne ressursar med utgangspunkt i bestemte delar av læreplanen.

Grunnen til at vi har valt å ha det same innhaldet på vg1, vg2 og vg3, er faget sin eigenart. Kompetansemåla er vide, og korleis du vel å undervise i dei ulike kjerneelementa og kompetansemåla, er i stor grad avhengig av både elevgruppa og rammefaktorane på skulen og i nærområdet. Fleire av ressursane, spesielt fagstoffressursane, kan bli brukte uavhengig av trinn, og då er det opp til deg som lærar å finne læringsmål og undervisningsmetodar. Andre ressursar har eit tydeleg mål og ein tydeleg progresjon. Her er læringsmåla gitt på førehand, og undervisningsopplegget har ei tydeleg retning.

Fagfornyinga i kroppsøving

Med ressursane vi lagar, ønskjer vi å påverke kroppsøving til å vere eit fag med eit breitt utval av aktivitetar, og at du som lærar kan nytte nye tema og innfallsvinklar ved å ta i bruk desse ressursane. Vi forsikrar deg om at ressursane vi lagar, er i tråd med fagfornyinga.

Ulike ressurstypar

Vi har fått eit større utval av ressurstypar. Du kan velje mellom video, podkast, fagstoff og ulike typar oppgåver og aktivitetar. Når det gjeld video, finn du mange instruksjonsvideoar både til fysiske og koordinative eigenskapar og til ulike rørsleaktivitetar. Podkast har vorte svært populært dei siste åra. NDLA har òg kasta seg på denne bølgja, og vi ser at podkastane er ein god ressurs for å formidle fagstoff på ein enkel måte. I oppgåver og aktivitetar finn du alt frå refleksjonsoppgåver til interaktive oppgåver og undervisningsopplegg.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022