Fagstoff
Video
Småhopp
Småhopp i ringar er ei fin øving for både horisontal spenst og dei koordinative eigenskapane rytme, balanse og krafttilpassing.
Video: Oddbjørg Vatn Slapgaard / CC BY-SA 4.0
Vel hoppmønster ut frå det du skal trene på, dette kan til dømes vere retta mot ulike eigenskapar i ein idrett. Varier med hopp i forskjellige retningar med ulik lengde. Det er viktig med god balanse og rytme.
Døme på ulike hoppvariantar
- Hopp i sikk-sakk
- Hopp i firkant
- Hopp på kryss og tvers
- Hopp framover og/eller bakover