Oppgåve
Øv på hjarte- og lungeredning
Det er viktig å kome raskt i gang med hjarte- og lungeredning. Her finn du ei oppgåve for å øve på det.

Oppgåve
Ta utgangspunkt i ressursen Hjarte- og lungeredning, HLR når du løyser denne oppgåva.
Tre elevar skal gå i lag. Bruk ei HLR-dokke til øvinga. Ein skal ta leiinga og bestemme kven på gruppa som skal gjere kva.
- Ein skal ringe til 113.
- Ein skal vere AMK-sentralen (113) og ta imot telefonsamtalen.
- Ein skal setje i gang med HLR.
Når de har prøvd dette ein gong, rullerer de, slik at alle på gruppa til slutt har prøvd alle dei tre ulike oppgåvene.