Om turn - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Om turn

Turn er ein idrett der du treng både styrke, koordinasjon, spenst og rørsleevne. Turn består av mange ulike disiplinar og øvingar, og ein utfører mange av desse med ulike ferdigheitsnivå. Mange av øvingane krev lite utstyr og kan gjerast direkte på golvet eller på ei enkel matte.

Skildring av idretten

Mange turnøvingar kan vi kjenne igjen frå barneleik, som å hoppe bukk, stupe kråke, slå hjul og balansere. Å hoppe på trampoline er populært og kan òg seiast å vere ei form for turn. Turn omfattar òg øvingar med musikk, mellom anna rytmisk sportsgymnastikk. Turn er ein idrett som alle kan utøve, uansett ferdigheitsnivå.

Turn som konkurranseidrett

Turn er ein idrett med meir enn 25 millionar utøvarar på verdsbasis. Apparatturn inngår i programmet i dei olympiske leikane, tradisjonelt med kvinneøvingane skranke, frittståande, hopp og bom. Herreøvingane er ringar, skranke, bøylehest, svingstong, frittståande og hopp. I tillegg blir det konkurrert i nyare øvingar som rytmisk sportsgymnastikk og trampett.

Skrive av Trine Merethe Paulsen og Hans Petter Fuglerud.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020