Introduksjonskurs i kart og kompass - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Introduksjonskurs i kart og kompass

Under finn du eit introduksjonskurs i bruk av kart og kompass. Dette kurset tek deg gjennom kartteikn, fargar, leielinjer, haldepunkt og andre grunnleggande element. Vil du prøve deg på orientering, vil kurset hjelpe deg med å få grunnleggande kunnskap som du treng, før du dreg ut i terrenget.

Korleis er kurset bygd opp?

Kurset består av 13 ulike leksjonar som er framstilte som orienteringspostar. Det er tilrådd å gjennomføre i rekkefølge frå post 1. Post 1 til 5 er nivå 1 som passar for nybyrjarar, post 6 til 9 er nivå 2 som passar for dei med litt erfaring, og post 10 til 13 er nivå 3 som tek opp nokre litt vanskelegare moment.

Leksjonane inneheld mange kartdøme, flyfoto, animasjonar, illustrasjonar, aktivitetstips, filmar og quiz der du kan vinne gullmedaljar!

Mykje av innhaldet i introduksjonskurset er tekst, men sentrale element som kart, flyfoto og illustrasjonar er visuelle.
Rettshavar: Norsk orientering
Sist fagleg oppdatert 16.08.2024