Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor planleggje trening?

Når du anten vil kome i gang med treninga, eller du ønskjer å nå eit spesifikt mål, kan det vere lurt at du planlegg treninga di.

Systematisering av treninga vil:

  1. bidra til at du kan nå målsettinga di:
    • Når du har planlagt treninga di, er det større sjanse for at du gjennomfører det du har planlagt.
    • Når du har tenkt gjennom kva du skal trene, blir ikkje treninga berre tilfeldig.
  2. hjelpe på motivasjonen:

    • Å ha eit mål å trene mot gjer det meir motiverande å trene.
    • Det gir ei god kjensle å merke framgang (progresjon) i treninga. Ved å dokumentere kva du trener, vil du betre kunne sjå kvar du var då du starta, og kvar du er etter ei tid med trening.
  3. redusere risikoen for at du blir skada:

    • Ved å ta utgangspunkt i treningsprinsippa belastning og tilpassing, variasjon og progresjon kan du tilpasse treninga til deg sjølv, dine behov og ditt utgangspunkt. Ved å ta riktige omsyn vil du ikkje blir skada. Då har du også betre oversikt over kva du trener enn om du berre nyttar innfallsmetoden.

Ta utgangspunkt i treningsprinsippa i ressursen under når du skal planleggje treninga di.

Relatert innhald

Fagstoff
Treningsprinsipp

Treningsprinsipp er viktige faktorar å ta omsyn til i planlegging av trening.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2020