Rettleiing til varme og varmestyring - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Rettleiing til varme og varmestyring

Her ligg døme på korleis de kan gjennomføre eit læringsoppdrag i dette temaet.

Reguleringsvendar, lys

Den installasjonen elevane skal gjere på vg1, er avgrensa til å kople opp ein reguleringsbrytar som styrer ein reflektoromn, og å kople opp ein termostat som styrer ein gjennomstrøymingsomn.

I tillegg vil eg bruke lyspærer i staden for reflektoromn slik at elevane får visualisert korleis reguleringsvendarane eigentleg fungerer. Ved å gjere desse oppkoplingane kan elevane enkelt sjå og berekne korleis straum, spenning, motstand og temperatur påverkar kvarandre.

Oppgåve 1: reguleringsvendar nr. 9

Du skal installere to lampepunkt (like lyskjelder) som blir styrte av reguleringsvendar nr. 9. Installasjonen kan gjerast som anten open eller skjult.

Lag installasjonsteikning, koplingsskjema og materialliste for installasjonen, og kople opp.

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 9 koplar lampene i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller korleis lysstyrken er i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før så desse verdiane inn i skjemaet.
  3. Rekn ut effekten ut fra måleverdiane for spenning og straum.
  4. Rekn ut resistansen ut fra måleverdiane for spenning og stram.
  5. Rekn ut straumen ut frå måleverdiane for spenning og resistans.

Vis alle utrekningane, og ta med nødvendige formlar. Før inn alle verdiane i tabellen for reguleringsvendar nr. 9. Lag ein kort konklusjon som forklarer verkemåten og bruksområdet for denne vendaren. Ta med avvik og kommentarar.

Oppgave 2: reguleringsvendar nr. 29

Du skal installere 2 lampepunkt (ulike lyskjelder) som skal styrast av reguleringsvendar nr. 29. Installasjonen kan gjerast som open eller skjult installasjon.

Lag installasjonsteikning, koplingsskjema og materialliste for installasjonen, og kople opp.

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 29 koplar lampene i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller korleis lysstyrken er i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før verdiane inn i skjemaet.
  3. Rekn ut effekten ut fra måleverdiane for spenning og straum.
  4. Rekn ut resistansen ut fra måleverdiane for spenning og straum.
  5. Rekn ut straumen ut fra måleverdiane for spenning og resistans.

Vis alle utrekningane, og ta med nødvendige formlar. Før alle verdiane inn i tabellen for reguleringsvendar nr. 29 (lagd ved i botnen av sida). Lag ein kort konklusjon som forklarer verkemåten og bruksområdet for denne vendaren. Ta med avvik og kommentarar.

Reguleringsvendar, reflektoromn

Oppgåve 1: installasjon av reflektoromn med reguleringsvendar nr. 9

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 9 koplar varmeelementa i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller varmen i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før det inn i skjemaet.
  3. Rekn ut effekten ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  4. Rekn ut resistansen ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  5. Ta med avvik og kommentarar til dette.

Alle målinger skal førast i tabellen.

Oppgåve 2: måling av effekt på reflektoromn

I denne oppgåva skal du gjere ei effektmåling på reflektoromnen. Effekten skal målast i alle trinn.

Målingane skal gjerast med dei instrumenta vi har på skulen. Det vil seie

  • analogt wattmeter
  • elektronisk wattmeter
  • universalinstrumentet Nano-Vipp

Samanlikn effektmålinga med berekningane i oppgåve 1.

Alle målingane skal førast i tabellen. Skriv avvik og forklar dette i konklusjonen.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Å montere varmeomn

Gjennomføringsdelen består av utrekning og oppkopling av to ulike varmeinstallasjonar. Det skal installerast skjult og ope.

Fagstoff
Varmeberekning

Framgangsmåte for varmeberekning av eit rom i ein bustad.

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018