Kulelager – eit teiknekurs i Fusion 360 - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Kulelager – eit teiknekurs i Fusion 360

Her følgjer du kulelageret gjennom fire episodar. Her ser du òg på eit grunnleggjande nivå korleis du bruker diverse teikneverktøy for å lage eit kulelager.

Du får ei grunnleggjande forståing for korleis eit kulelager er bygd opp gjennom kvar del i filmane.

Del 1: lagerbanar og kuler

Vi lagar inner- og ytterbane og kulene. Her får du bruk for verktøyfunksjonane "" og "" i teikneprogrammet.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Del 2: kulehaldar

Du treng skissa eller "" (teikninga) som heiter "Lagerbane". Har du hugsa å gi namn til dei ulike teikningane dine? Vi bruker verktøya "combine" og "".

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Del 3: skjold

Vern er viktig for mange lager. I døma våre her startar du med "sketch" eller skisse/teikning for å lage sjølve "banen" for skjoldet.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Del 4: utsjånad ("render")

Korleis skal vi vise det ferdige produktet vårt eller teikninga vår her? Det er fleire moglegheiter. Vi bruker funksjonen "" her.

"Render" eller utsjånad

"Appearance" (utsjånad) gir ulik framsyning, og det gir simuleringar av metall som vi ønskjer å vise. Det kan til dømes vere krom, messing eller rustfritt polert stål. Her er det greitt å vere litt obs på framsyninga av delane, og på at vi får fram refleksjonar i konstruksjonen.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021