Kva er programmering? - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er programmering?

Vi omgir oss dagleg med kode. Anten om det er vekkjarklokka om morgonen eller eit billettsystem, så vil det krevje ei form for kode. Ein vanleg definisjon på programmering er at datamaskina blir instruert til å utføre ulike oppgåver. Slike instruksjonar kallar vi ofte for algoritmar.

Instruksar

Grunnen til at vi programmerer, er at vi ønskjer at datamaskina skal utføre ei oppgåve for oss. Derfor gir vi datamaskina ulike instruksar. Vi menneske kan òg trenge instruksar for oppgåver vi skal utføre. Dette kan til dømes vere ei matoppskrift eller ein jobbinstruks.

Ei datamaskin vil ikkje utan vidare forstå kva vi ønskjer at ho skal utføre. Derfor er det viktig å gi datamaskina veldige tydelege og konkrete instruksar.

På same måte som at språk har ulik grammatikk, vil programmeringsspråk ha ulike sett av instruksar og reglar for å skrive koden. Vi kallar dette for syntaks.

Brukaropplevingar

Det er kanskje naturleg å tenkje at programmering først og fremst handlar om å forstå datamaskiner, men det handlar like mykje om å forstå menneske. Det er trass alt stort sett menneske som skal bruke programma og tenestene vi utviklar. Vi må derfor tenkje på opplevinga til brukaren av programmet vi har utvikla.

Skal appen vi lagar utføre ei handling når vi trykkjer på ein knapp? Eller vil det opplevast som meir naturleg at handlinga blir utført når brukaren gjer ei handrørsle?

Kvifor programmere?

Det finst mange årsaker til at vi programmerer. Datamaskiner utfører komplekse og repeterande oppgåver mykje meir effektivt enn menneske. I tillegg kan datamaskiner jobbe døgnet rundt. Med andre ord kan programmering brukast for å effektivisere arbeidslivet og i tillegg kunne bidra til å gjere jobbar mindre belastande.

Med programmering kan vi òg gjere livet betre for menneske. Vi kan programmere smarthus som gjer dagen vår meir praktisk og hjelpemiddel for menneske med funksjonsnedsetjingar. Vi kan programmere såkalla grøne løysingar som hjelper oss til å bli meir miljøvennlege.

Skrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020