Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Elektrisitet

Fagstoff
Video

Elektriske motorar

Ein elektrisk motor er ein motor som bruker elektrisk straum til å skape roterande rørsle.

Elektrisk motor

Her ser du litt av prinsippet med magnetar og viklingar.

Ulike motortypar – overføring av krefter

Biletet over viser ein ganske stor motor som gjerne blir brukt i industrien, der elektrobransjen gjer montering og koplingar. Dette kan vere for styring av rulletrapper, ventilasjonsanlegg og så vidare.

Visste du at ein elektromotor både kan overføre elektrisk energi til mekanisk kraft og omvend?

  • elektromotor = elektrisk til mekanisk energi (kraft)
  • generator = mekanisk til elektrisk energi (kraft)

Asynkron motor

Ein asynkron motor har svært enkel oppbygging. Han består eigentleg av to delar, ein stator som står i ro, og ein rotor som spinn rundt. Magnetfeltet blir skapt når straumen blir sett på. Det at han er "asynkron" er kanskje litt vanskelegare å forstå, men rotoren får ein lågare fart enn det roterande feltet under belastning. Då oppstår det "sakking"/forseinking, og motoren er ikkje synkron med magnetfeltet.

Ein asynkron motor blir òg kalla ein kortslutningsmotor, fordi rotoren har parallelle spor på akslingen med koparleiarar som går til ein kortslutningsring på kvar ende. Rotoren har òg magnetiserbart metall, noko som gjer at vi har eit roterande magnetfelt i statoren og eit magnetfelt som roterer med rotoren. Det er her vi får sakking – på sjølve rotoren og magnetfeltet som er rundt statoren.

Film om korleis ein motor fungerer (1:54)

Vi lærer meir. Her er nokre faktum om den elektriske motoren. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhald

Skrive av Haldor Hove. Rettshavar: Industriskolen.
Sist oppdatert 28.10.2025