Alken - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Alken

Alken er sette saman på nesten same måte som alkan, men dei har ei dobbeltbinding mellom to av karbonatoma. Då treng vi ikkje like mange hydrogenatom for å tilfredsstille åtteregelen.

Alken = dobbeltbinding

Alken består berre av hydrogen og karbon og har ei dobbeltbinding. Det enklaste alkenet er eten, som har kjemisk formel C2H4.

Alken blir ofte brukte som utgangspunkt for plastproduksjon. Eit eksempel er polyeten, som blir laga med eten som råstoff. Nedanfor ser du ei oversikt over dei tre enklaste alkena.

Skrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018