Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Universell utforming på nett

Målet med universell utforming er like moglegheiter til samfunnsdeltaking for alle og å motverke diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne. Tilgjengelegheit må planleggjast i all infrastruktur og informasjon, frå bygg til nettsider. I Noreg er universell utforming inkludert i fleire lover.
Video: Difi / CC BY-SA 4.0

Universell utforming er brukarvennlegheit. Viss ein ikkje tek omsyn til universell utforming, vil ein gjere det vanskeleg for ulike delar av målgruppa å bruke produktet. Jo meir universelt utforma – dess betre brukarvennlegheit for alle brukargrupper.

I medieproduksjon må vi ta omsyn til universell utforming på mange område. Ofte kan det dreie seg om teknisk utføring, og det kan vel så gjerne vere reint designmessig arbeid. Universell utforming gjeld også tilpassing av innhaldet – og ikkje minst å bruke eit språk som brukaren forstår.

Universell utforming er derfor vesentleg når du skal arbeide med:

innhaldsproduksjon
spesielt for å møte kognitive utfordringar
design
for eksempel bruk av kontrast, fargar og skrifttypar
teknisk produksjon
gjerne valmoglegheiter som teksting, eigne versjonar og struktur som hjelpemiddel kan dra nytte av

Universell utforming kan altså liggje som eit krav frå oppdragsgivar og i lovverket, men er også viktig i seg sjølv, fordi det gir betre brukaroppleving.

IT og nettstader

På IT-feltet gjeld universell utforming for både automatar og datasystem. Men det heilt sentrale er utforming av nettstader. I Noreg er det Digitalisteringdirektoratet, digdir, som leiar arbeidet og fører tilsyn med dette.

Universell utforming er regulert i lovverket. Forskrift om universell utforming av IT-løsninger stiller krav om at nettsider må oppfylle 35 av 61 suksesskriterium i standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG), medan offentleg sektor skal følgje 48.

Forskrift om universell utforming av IT-løsninger (uutilsynet.no)

Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) (uutilsynet.no)

Til saman kan vi setje opp sju gode grunnar til å utforme universelt:

  1. Samfunnsøkonomisk
  2. Enklare for alle brukarar
  3. Gir like moglegheiter
  4. Smart
  5. Lønnsamt
  6. Framtidsretta
  7. Lovpålagd

I videoen under får du forklart meir om desse grunnane.

Video: Difi / CC BY-SA 4.0

Eksempel: Korleis utforme nettsider universelt?

I utforming av nettsider må vi følgje forskrift om universell utforming. Her finst det rettleiingar og sjekklister vi kan dra god nytte av. Det viktigaste er likevel å teste. Ikkje mot automatiske WCAG-kodesjekkarar, men mot ekte brukarar med ekte behov.

Bruk tilsynet sin rettleiiar

Tilsynet for universell utforming av ikt har utarbeidd rettleiiaren Løsningsforslag for web som går gjennom problemstillingar og løysingsforslag. Det er viktig å hugse at det kan vere fleire måtar å møte krava på.

I rettleiaren finn vi heilt konkrete råd. Dette er derfor ein ressurs du bør bruke som sjekkliste når du planlegg utforming av ein nettstad. Nokre eksempel:

  • koding av bilete, bilettekst, alt-tekst
  • koding av tabellar
  • utforming av lenker
  • kontrast og fargebruk
  • bruk av lyd og video
Video: Difi / CC BY-SA 4.0

Utdrag frå 24 tips:

  • Snakk saman om universell utforming i prosjektgruppa. Test universell utforming saman med brukarar med ulike utfordringar.
  • La brukarane vite kvar dei er, og korleis dei kjem vidare. Lag alternative inngangar og snarvegar for å fylle ulike behov.
  • La alt innhald kunne nåast med tastatur. Bruk fokusmarkering og logisk rekkjefølgje for dei som navigerer med tastatur.
  • Hugs god markering av lenker som skil seg frå teksten. Gi brukaren beskjed om lenka opnar seg i nytt vindauge eller opnar eit dokument. Lag beskrivande lenketekstar.
  • Bruk rett kode og strukturer teksten. Det som ser ut som noko, skal kodast som det, for eksempel overskrifter, lister, tabellar og skjema. Bruk tilgjengelege tema og programtillegg i publiseringssystemet. Bruk klarspråk og overskrifter som passar til innhaldet i avsnitta.
  • Bruk responsiv design. Tillat tilpassing av sida, og design sida slik at brukarane kan tilpasse henne til sine behov.
  • Test kontrast mellom tekst og bakgrunn, slik at sida også kan lesast av svaksynte og fargeblinde.
  • Bruk alternativ tekst på bilete slik at skjermlesarar kan lese opp for brukaren.
  • Tekst video, og publiser utskrift av teksten.
  • Ro ned tempoet, unngå autostart og blinking. Gi brukaren kontroll, vis pauseknapp.
  • Gi tydelege feilmeldingar, slik at brukaren kan forstå feilen og komme på rett spor. Gjer det enkelt å ta kontakt dersom dei møter hindringer på sida di.
Skrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist oppdatert 31.03.2025