Handtere klagar og konfliktsituasjonar som IT-medarbeidar
Film: Korleis handtere ein konfliktsituasjon?
Denne filmen frå helseservicefaget (lengde 11:04) viser korleis de kan handtere konfliktar og forhindre at dei blir verre. Sjølv om filmen er frå helsevesenet, kan prinsippa overførast til liknande situasjonar i andre yrke.
1. Sjå gjennom filmen og diskuter
I kva situasjonar kan det oppstå liknande episodar med kundar eller gjester som du som IT-medarbeidar må handtere?
På jobb må du opptre profesjonelt og kontrollere eigne kjensler. Kvifor er dette spesielt viktig når du møter folk som er opprørte?
Skriv stikkord for korleis du best kan møte ein situasjon med ein frustrert og sint kunde eller gjest.
På jobb kan du òg komme i krevjande situasjonar der andre blir tilskodarar. Korleis trur du ein situasjon som eskalerer (aukar), påverkar andre kundar eller gjester? Og korleis skal du opptre slik at dei rundt får tillit til deg?
2. Bruk praterobot for å øve
I denne oppgåva skal du øve deg på å handtere vanskelege situasjonar i eit rollespel med ein praterobot.
Du speler rolla som IT-medarbeidar i ei bedrift. Ein medtilsett har komme til deg og er tydeleg irritert. Du må roe ned kollegaen din samtidig som du prøver å få oversikt over problemet.
Lag din eigen praterobot
Før du kan gå i gang med denne oppgåva, må du opprette ein eigendefinert praterobot. Slik gjer du det:
Last ned fila nedanfor.
Logg deg inn på ndla.no, gå til "NDLA praterobot" og vel "Lag din egen praterobot".
Vel "Last opp praterobot", trykk "Velg fil" og last inn fila du lasta ned frå mappa "Nedlastinger".
Trykk "Opprett", og du kan starte samtalen.
Snakk med prateroboten
Gjennomfør ein dialog med den eigendefinerte prateroboten. I dialogen skal du øve deg på å bruk prinsippa for konflikthandtering som forklart i filmen øvst.
Når du føler deg ferdig med å snakke med prateroboten skriver du "ØNSKER RETTLEIING". Då vil prateroboten gje deg tilbakemelding på korleis du har handtert situasjonen og råd til korleis du kan gjere det betre.
3. Lag eit rollespel
Lag eit rollespel i par eller i grupper på tre. Rollespelet skal handle om ein konfliktsituasjon som kan oppstå med ein kunde eller ein gjest.
Lag først eit rollespel der konflikten blir handtert dårleg, og så eskalerer han.
Lag så eit rollespel der konflikten blir handtert på ein god måte og ikkje eskalerer.
Presenter for klassen
Framfør rollespelet for klassen eller lag ein film som de presenterer.
Diskuter kva som fungerte, og kva som ikkje fungerte, i kvar situasjon