Oppgåve
Finn opp ein diskusjons-app!
Mange av plattformene for diskusjon på nett er designa på ein måte som gjer at hets, einvegskommunikasjon og sterke motsetnader er blitt ein del av nettdebatten. Kan du finne på ein app som gir ein betre samfunnsdebatt?

Mange bruker fleire appar i kvardagen. Har du appar du kan bruke til gode diskusjonar?
Oppgåve
Del 1: Idémyldring
Kom opp med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som fremjar samarbeid, lytting og nyansar.
- Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
Gå så saman i grupper på tre og del ideane.
Tips! Dei beste løysingane kjem når alle innspel blir møtte opent og nysgjerrig. Sjå etter moglegheiter, ikkje hindringar, i denne fasen. Dette kan de gjere ved å gi tilbakemeldingar til kvarande sine idear som byrjar med: "Ja, og i tillegg..." – ikkje "Nei, men...". Prøv det ut!
Jobb vidare med å utvikle ein felles app-idé.
Del 2: Presenter ideen
Presenter app-ideen dykkar for klassen: Forklar korleis de trur han vil påverke samfunnsdebatten.
Del 3: Diskuter og vurder forslaga
- Kva for idear trur de vil fungere best?
- Kven trur de kjem til å bruke appen til å diskutere?
- Vil det vere rom for å ha forskjellige meiningar?
- Har de utforma appen slik at det blir vanskelegare å komme med personangrep og hets?