Progresjon i kjeldekritikk - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Progresjon i kjeldekritikk

Korleis ligg du an med tanke på din eigen informasjonskompetanse? Kor godt forstår du dine eigne ferdigheiter i kjeldesøk, kjeldekritikk og organisering av kjelder?

Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan området 'Kjeldekritikk'.

Kjeldekritikk

Strålande

  • Du bruker strategiar for vurdering kjelder.
  • Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
  • Du har plukka ut presist og relevant innhald frå kjeldene.
  • Du viser dermed god oversikt over tema og bruker kjeldene til å løyse problemet.

Kompetent

  • Du bruker læremidla i fag som hovedkjelder, og fyller ut med ein eller to kjelder frå oppslagsverk, bøker og nettstader.
  • Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
  • Du bruker relevant innhald frå kjeldene for problemet du jobbar med.
  • Du får fram kvifor nettopp desse kjeldene er brukte.

På veg

  • Du bruker læremiddel som utgangspunkt for vidare søk på nett.
  • Nokon kjelder er pålitelege og relevante. Andre er ikkje det.
  • Du gir grunn for kvifor du har brukt kjeldene, men kan av og til vere litt usikker på om dei løyser problemet.

Nybegynnar

  • Du bruker læremidla i faget.
  • Du bruker upålitelege kjelder som for eksempel Daria.
Skrive av Albertine Aaberge, Else Ness og Linda Røysi.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021