Oppgåver i dramaturgi

Oppgåve 1
Planlegg dramaturgien i eit radioinnslag med utgangspunkt i APUS-modellen. Høyr gjerne på dette dømet for å få inspirasjon:
Nyheitsinnslag på NRK P3
Tekstversjon
Intro (studiovert): Irakarane fekk sjølve ansvaret for landet sitt i dag. Dette var to dagar før den eigentlege fristen, for å gjere det vanskelegare for terroristar å planlegge aksjonar. Irakarar i Noreg jublar.
Intervjuobjekt (på telefon): Wow, kjempebra, takk for at du har ringt og sagt det til meg. Dette gjer meg veldig glad. Eg må gå heim no med ein gong og sjå på nyheitene på TV.
Journalist: Men du, du må snakke med meg ferdig først.
Intervjuobjekt: Ja, riktig.
Blokk (journalist): Esmand Sajon visste faktisk ikkje kva som hadde skjedd då P3 no ringde han i dag. Men han blei fort veldig utolmodig etter å feire landet sitt. Og kva gjer eigentleg ein irakar i lykkerus?
Intervjuobjekt: I dag skal eg drikke mykje og danse, og eg skal ringe familien min i Irak og snakke med dei.
Journalist: Kva betyr det som har skjedd i dag?
Intervjuobjekt: Det er altså nesten som bryllaupsfesten min, nesten det same.
Blokk (journalist): Esmand har ikkje vore i heimlandet på åtte år, men no som Irak er eit fritt land, gler han seg til å reise dit.
Intervjuobjekt: Ja, eg må reise. Eg har lyst til å reise med ein gong, men eg må spare litt pengar for å få oppleve å reise.
Lydklipp med den amerikanske presidenten: Ladies and gentlemen. We got him!
Blokk (journalist ): Sidan Saddam Hussein blei teken, har irakarar verda over gledd seg til denne dagen. Irak er eit fritt land.
Intervjuobjekt: Og eg er veldig glad, så eg skal ikkje gløyme denne datoen. I dag er det same som 17. mai.
Journalist: Du får i alle fall ha gratulerer med dagen.
Intervjuobjekt: Ja, tusen, tusen takk, tusen takk.
Utro (studiovert): Reporter her var Grete Strøm.
Oppgåve 2
Ein reklamefilm har gjerne ei overordna målsetting om å få kundar til å kjøpe eit produkt. Dette kan vere vanskeleg dersom forbrukarane ikkje opplever produktet som spennande, eller om kundane ikke kjenner til produktet på førehand.
Planlegg kva dramaturgiske verkemiddel og modellar du vil bruke for å lage ein reklamefilm for joggeskor. Sjå gjerne filmen under for å få tips om korleis reklamebyrå bruker dramaturgi i produksjonane sine.
Oppgåve 3
Iram Haqs kortfilm Skylappjenta (2009) handlar om utfordringar som fleire innvandrarbarn kan oppleve i Noreg. Korleis møte forventningar frå familien om å halde på kulturen sin, i møte med verdiane i det norske samfunnet?
Sjå kortfilmen Skylappjenta og beskriv korleis nokre av dei same dramaturgiske prinsippa du finn i filmen, kan brukast i ein informasjonsfilm.