Form, stilisering og logo - Ikon og symbol i grafisk design - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Form, stilisering og logo

Fagartikkel

Ikon og symbol i grafisk design

Ikon er visuelle forenklingar av verkelegheita, mens symbol er abstrakte teikn som krev at ein har lært betydinga for å kunne forstå dei.

Ikon

Ikon er abstraksjonar av verkelegheita. Dei blir laga for å visualisere idear eller konsept og blir ofte brukte når det er meir føremålstenleg å vise ein forenkla versjon av verkelegheita enn å forklare henne med ord.

Ein mann eller ei kvinne i stilisert form på dodøra er eksempel på ikon. Slike ikon gjer det enkelt for folk frå ulike delar av verda å vite kva for toalett dei skal nytte.

Ikon blir ofte brukt i logoar, men også som illustrasjonar og dekor. Abstraherte former er vanlege i vegfinningssystem som skilt, kart og informasjonsgrafikk. På nettet finn vi dei som knappar og navigasjonssystem.

Symbol

Dersom ikon er så abstraherte at det er vanskeleg å forstå kva dei skal førestille, er dei ikkje lenger ikon. Ikon skal ein kunne oppfatte utan særlege forkunnskapar. Abstrakte teikn som ein må lære tydinga av for å kunne forstå, blir kalla symbol.

Krossen er eksempel på eit symbol. Han blir brukt blant anna i dødsannonsar.

Tenk over!

Studer dødsannonsane i ei regionavis.

  • Kva for symbol er brukte, og kva for tyding har desse symbola?
  • Mange av dødsannonsane bruker ein kross som symbol, men krossane kan vere forma på forskjellig måte. Kan du finne forklaringa på det?

Det enkle er ofte det beste

Som hovudregel bør du prøve å holde deg til få, enkle og store former når du jobbar med ikon og symbol. Store og enkle former tiltrekkjer seg mottakaren sitt blikk og gjer det lettare å oppfatte bodskapen.

Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2017