Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet Historieforteljing og dramaturgi
Kor godt forstår du historieforteljing, dramaturgi og interaktivitet?
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du veldig god greie på kva historieforteljing og dramaturgi betyr i mediefag, og kan bruke dramaturgi i arbeidet med eigne produksjonar.
- Eg veit kva ei forteljing er.
- Eg kjenner til ulike dramaturgiske modellar.
- Eg kan bruke dramaturgi i ein produksjon.
- Eg kan forklare og kjenne igjen Hollywood-modellen.
- Eg kan vurdere dramaturgien i ein produksjon.
- Eg kjenner til APUS-modellen.
- Eg kan bruke APUS-modellen i eigen produksjon.
- Eg kan kjenne igjen episodisk dramaturgi.
- Eg forstår kva interaktivitet er.
- Eg kan vurdere struktur og framdrift i ei interaktiv forteljing.
NØKKELORD | ||
---|---|---|
Dramaturgi | Historieforteljing | Spenning |
Hollywood-modellen | APUS-modellen | Episodisk modell |
Presentasjonen | Opptrapping | Vendepunkt |
Anslag | Utdjuping | Konflikt |
Klimaks | Planting | Hausting |
Interaktiv historieforteljing |