Dramaturgi i nyheitene - Sjekkliste før du leverar oppgåva - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Dramaturgi i nyheitene

Rettleiing

Sjekkliste før du leverar lydarbeid

Små detaljar kan heve kvaliteten på ditt lydprodukt. Gå gjennom denne sjekklista før du leverer frå deg eit lydarbeid.

Sjekkliste før du leverer eit lydprodukt

  1. Svarar du på det du skal i oppgåva?
  2. Er rekkefølgja på elementa god?
  3. Er tale tydeleg?
  4. Er det mange forstyrrande lydar som "hmm" og kremting?
  5. Ligg tale på om lag 75 % på lydmeteret?
  6. Er lydnivåa tilpassa kvarandre?
  7. Brukar du fader i start/slutt?
  8. Blir nokre av overgangane oppfatta som brå?
  9. Er det støy du kan gjere noko med?
  10. Er det nokre parti med sprengt lyd?
  11. Har du eksportert fila til riktig format?
  12. Viss du har brukt andre sitt materiale, har du kreditert dei?
  13. Har nokon lytta til produksjonen din og gjeve deg innspel?
Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Dramaturgi i nyheitene