Oppgåve
Digital detox
Mange kjenner at sosiale medium invaderer livet deira. Korleis kan vi beskytte oss mot den enorme mengda informasjon som blir pusha på oss gjennom ulike kanalar?

Hytteliv og friluftsliv blir rekna for ein viktig verdi i norsk kultur. Ofte høyrer det med fråkopling frå internett.
Oppgåve 1: Kartlegg omgrepet
- Kva er 'digital detox'? Søk på nettet for å finne ulike definisjonar av dette omgrepet på norsk og engelsk.
- Kartlegg forskjellane på korleis uttrykket blir brukt i faglitteratur og i journalistiske artiklar.
- Definer til slutt omgrepet med eigne ord.
Oppgåve 2: Foreslå strategiar for digital detox
- Kvifor har dette omgrepet oppstått? Diskuter dette i klassen.
- Jobb i grupper med å utarbeide tips og triks for digital detox for ungdomsskuleelevar.
Oppgåve 3: Test app-en Hold
- Last ned app-en Hold.
- Gå systematisk gjennom funksjonane.
- Vurder om han er interessant å ta i bruk.
- Finn argument for og i mot.
Oppgåve 4: Skriv ein kort tekst om digital detox
- Diskuter utfordringar med invaderande medieteknologi og moglege løysingar på problemet.
- Bruk kjelder og referer til desse når du skriv.
- Bruk gjerne femavsnittsmetoden for å strukturere teksten.
Relatert innhald
Femavsnittsmetoden
Oppskrift på femavsnittsmetoden med tekstdøme.
Digital detox på norsk (Vitskapleg artikkel)
Nettside hos idunn.no