Den iterative prosessen - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Den iterative prosessen

Når vi utviklar digitale medium og digital programvare, er det ofte ein fordel å bruke ein iterativ produksjonsprosess. Med iterativ meiner vi at prosessen består av mange små utviklingsrundar, og at han i grunnen aldri tek slutt. Ein iterativ prosess set behovet til brukaren i sentrum.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Kvifor jobbe iterativt?

Å utvikle ei god nettside eller ei god digital teneste kostar både tid og pengar. Derfor er det viktig å lage ei teneste som brukarane liker og er villige til å bruke (og betale for). Då må du vite kven brukarane er, og kva behov dei har. Du må òg brukarteste kontinuerleg med personar i målgruppa mens innhaldet tek form.

Stega i ein iterativ prosess

Den iterative prosessen består av fem steg:

  1. forstå brukar

  2. definere problemet

  3. utvikle idéen

  4. lage

  5. brukarteste

Det er likevel ikkje slik at du følger stega i ei fast rekkefølge for å gjere deg ferdig ein gong for alle. Til dømes er det vanleg at du treng fleire rundar med brukartesting av ein prototype, og at du tilpassar prototypen etter kvar testrunde. Det kan òg hende at brukarane melder inn tilleggsønske og -behov som du må ta omsyn til. Prosessen held heilt fram til nettsida eller appen blir teken ned.

Behovet til brukaren i sentrum

Kven er brukarane, og kva behov har dei? Det kan du finne ut på ulike måtar. Du kan mellom anna lage eit spørjeskjema, opprette ei gruppe i sosiale medium eller prate og gjere intervju med ulike personar.

Illustrasjonen nedanfor viser eit døme på brukarkunnskap som kan vere viktig for den som vil lage ein skuleapp.

Lag prototype, test på brukar og start på nytt

Formålet med ein iterativ produksjonsprosess er å forstå brukaren, teste ut og komme fram til gode løysingar gjennom prøving og feiling. Lag derfor ein prototype tidleg og test han ut. Slik finn du ut tidleg om idéar og løysingar fungerer. Fordelen med mange små utviklingssteg er nettopp at store problem i navigasjon, struktur eller funksjonalitet blir oppdaga tidleg. Då er det òg enklare og rimelegare å rette opp feil og forbetre det som ikkje held mål endå.

Når viktig innhald og navigasjon er klart gjennom brukartesting og justeringar, kan du jobbe meir med det visuelle designet. Designet bør òg testast, men det vil truleg ikkje vere nødvendig med like store endringar som i dei tidlege utviklingsfasane.

Sjølv om løysinga er klar for publisering, bør du halde fram med brukartesting og utbetring så lenge nettsida, appen eller programmet er tilgjengeleg.

Meir om stega i den iterative prosessen

Kjelder

Interaction Design Foundation. (u.å).What is Design Thinking? Henta 10. november 2021 frå https://www.interaction-design.org/literature/topics/design-thinking

Krug, S. (2014). Don't Make Me Think Revisited. A Common Sense Approach to Web and Mobile Usability. New Riders Publishing.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2021