Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

"Slotted liner" i ope hol

Sandkontroll med slotted liner er ei rimeleg og grei løysing som fungerer bra når sandkorna i formasjonen er jamne i storleiken (uniform size).

Slotted liners

Slotted liner (slissa røyr) er røyr med mange hol i røyrveggen. Opningane blir laga med tynt sagblad eller laserkuttar. Slotted er eit sandfilter som hindrar sandproduksjon frå brønnane. Det blir rekna som ei rimeleg og ukomplisert kompletteringløysing i ope hol.

Lysopning

Lysopningane er lange og smale (rektangulære), og dei blir plasserte med jamne mellomrom rundt heile omkretsen av røyret. Tverrmålet i opninga (slotten) er tilpassa storleiken på formasjonssanden ho skal halde ute, og bør vere litt mindre enn to gonger diameteren på sandkorna. Dersom opningane er for små, kan dei bli tetta igjen av sandkorna, og for store opningar fungerer ikkje som filter.

Opningane blir plasserte med ein gitt avstand mellom seg, parallelt eller diagonalt nedover langs røyrlengda. At det er avstand mellom opningane, bidreg til å ta vare på så mykje som mogleg av den opphavlege styrken til røyret.

Breidda i opninga i sporet blir oppgitt i gauge (uttalt «geidsj»), som er omrekna frå tommemål ved å multiplisere med 1000. Til dømes er ei opning på 0,040 tommar namngitt som «40 gauge slotted liner». Toleransen på opninga er innanfor +/– 0,002 tommar. Lengda på opningane kan variere, men er ofte cirka 3–5 cm.

Innstrøymingsarealet i ein slotted liner er svært lite samanlikna med overflata i det opne holet. Vanlegvis reknar ein ope areal i ein slotted liner til å vere cirka 2–4 prosent av overflata til røyret. For å oppnå maksimalt innstrøymingsareal kan ein bruke ein utrekningsformel:

N = (12 × 3,14 × D × C) / (100 × W × L)

N er talet på opningar per lengd røyr (fot).

D er den ytre diameteren til røyret (tommar).

C er innstrøymingsarealet i prosent (ønskt verdi).

W er vidda på opningane (tommar) (obs: ikkje gauge!).

L er lengda på opningane (tommar).

Dersom opningane i ein slotted liner ikkje er riktige med tanke på formasjonssanden, kan opningane bli plugga. Det forkortar levetida til kompletteringa. Når eitt område blir plugga, aukar innstrøymingshastigheita ein annan stad, og det fører til utvasking og tap av sandkontroll der opningane ikkje er plugga.

Bruer av sandpartiklar

For at ein slotted liner skal fungere best mogleg, må det dannast bruer av sandpartiklar på utsida av opningane. Det skjer best om store partiklar legg seg nærmast slotten, og mindre partiklar stablar seg bak. Ei slik brudanning hindrar at sandpartiklar vandrar vidare mot lineren, og reduserer farten på væska som strøymer direkte mot lineren. Den same teorien gjeld òg for perforeringsopningane i ein perforert liner.

Bruene som blir danna, er ustabile og kan kollapse når strøymingshastigheita blir endra på grunn av endringar i reservoaret, når produksjonsraten blir justert med choke på overflata, eller når brønnen blir stengd inne (produksjonsstopp).

Når bruene bryt saman, blir dei ulike sandkornstorleikane blanda. Det kan føre til plugging av opningane.

Det er stor fare for utvasking (erosjon) av opningane i brønnar som har høg strøymingshastigheit, særleg i fasen før bruene blir danna rundt slottane.

Slotted liner blir ikkje brukt for finkorna sandformasjonar, fordi det ikkje lar seg gjere å lage smale nok opningar i vanleg produksjon. Spesiallaga slotted liners er betydeleg dyrare enn standardløysingar.

For at ein slotted liner skal vere eit godt val, må han vere så stor som mogleg i ytre diameter (OD) for å ha stort innstrøymingsareal, og det bør vere så tett som mogleg med opningar rundt røyret utan at det går ut over kollapsstyrken til røyret.

Slotted liner med gruspakking

For å redusere faren for plugging av opningane i slotted liner kan ein plassere grus på utsida. Då installerer ein slotted liner med i same operasjon.

Bruer med formasjonssand blir danna utanfor grusen, og vegen inn til opningane i lineren har god permeabilitet og få pluggingar.

Når ein bruker gruspakking mellom lineren og formasjonen, må lineren vere litt mindre i OD enn når han står åleine.

Slotted liners kan installerast i ein perforert liner, men då må ein plassere gruspakking mellom dei for å hindre utvasking av lineren der strøyminga kjem ut frå perforeringane i stor fart. Grusen hindrar òg formasjonssand i å plugge perforeringane og mellomrommet mellom den perforerte lineren og slotted liner.

Erfaring med slotted liners

Det har vore vellykka med slotted liners som ope-hol-komplettering i reservoarbergartar med høg permeabilitet i godt sorterte formasjonar (jamn kornstorleik).

Dei første brønnane på Smørbukk Sør blei kompletterte med slotted liner, men då blei lineren brukt som mekanisk støtte til brønnen, ikkje for sandkontroll.

Skrive av Olav Koltveit. Rettshavar: Cerpus AS.
Sist oppdatert 12.02.2025