Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Perforering med underbalanse (animasjon)

Når væska i brønnen har lågare hydrostatisk trykk enn formasjonen som skal perforerast, strøymer olje inn frå formasjonen til brønnen med ein gong perforeringa er gjennomført.

Korleis vi skaper underbalanse i brønnen under perforeringa

Denne animasjonen viser korleis vi bruker arbeidsstrengen til å redusere trykket inni brønnen før perforeringa blir gjennomført. Først køyrer vi utstyret til djupet der vi skal perforere. Deretter set vi ei pakning slik at den nedre delen av brønnen er isolert frå den øvre delen.

Inni arbeidsstrengen er det eit tomt kammer som blir opna. Då strøymer væska i brønnen inn i kammeret, slik at trykket i brønnen søkk.

På denne måten blir det eit undertrykk i brønnen. Når vi utfører perforeringa, strøymer olje frå reservoaret til brønnen med ein gong. Det hjelper til med å reinse opp perforeringskanalane.

Sjå animasjonen (lengde 0:57) som viser prosessen av perforering med underbalanse.

Video: Baker Hughes Inc / CC BY-SA 4.0
Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Baker Hughes Inc.
Sist oppdatert 08.02.2025