Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Nøytralpunkt i borestreng

Nøytralpunktet er punktet der borestrengen verken har strekk- eller kompresjonskrefter.

Ein borestreng blir skrudd saman av mange røyr og går frå boredekk til botnen av brønnen. I dei øvste borerøyra er det strekkrefter som dreg i stålet på grunn av vekta av røyra som heng under.

I dei nedste røyra som landar på botnen av brønnen, er det kompresjonskrefter.

På eit visst punkt i borestrengen finn ein overgangen mellom strekk- og kompresjonskreftene. Dette er nøytralpunktet til borestrengen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 02/13/2025