Fagstoff
Interaktivt innhald
Konflikthandtering
Konfliktar oppstår når menneske opplever sterke motsetningar seg imellom og ikkje greier å bli einige.

Konflikt mellom pårørande og helsepersonell på sjukehus
Når du er på jobb i oppvekst-, helse- og sosialsektoren, vil du oppleve at små og store konfliktar oppstår. Kollegaer kan vere i konflikt med kvarandre. Usemje mellom deg som fagperson og brukarar og pårørande kan utvikle seg til ein konflikt. Det kan òg oppstå konfliktar mellom bebuarar på ein sjukeheim eller mellom barna i ein barnehage.
Du kan òg oppleve indre konfliktar. Det betyr at du synest det er vanskeleg å vite kva som er den beste av fleire løysingar.
Konfliktar på jobben
Når konfliktar oppstår på jobben, må du som fagperson handtere dei. Da må du
- ha kunnskap om ulike typar konfliktar
- kjenne til korleis konfliktar kan utvikle seg og bli forsterka
- ha ferdigheiter i å handtere konfliktar
- ha ferdigheiter i kommunikasjon, slik at du ikkje medverkar til å forsterke konflikten
Konflikten utviklar seg
I den interaktive presentasjonen nedanfor følger vi ein konflikt steg for steg oppover i det som kan kallast konflikttrappa.
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.