Oppgave
Kommunikasjon på tvers av kultur
Kva kan vi lære om kommunikasjon og kultur av ein engelsk-italienar som er busett i Noreg?
I videoen under beskriv Pellegrino Riccardi sine erfaringar med kommunikasjon på tvers av kulturar.
TED X på YouTube: Cross cultural communication
Sjå videoen og bruk kunnskap om kommunikasjon og kultur til å reflektere rundt desse spørsmåla:
Kva er Riccardi sin definisjon av kultur? Liknar han på nokon av definisjonane på kultur som du kjenner til frå før?
Kvifor trur du han blir behandla ulikt ut frå kva nasjonalitet andre oppfattar at han har?
Kva normer og verdiar i den norske kulturen peiker han på i døma sine?
- "Viss du skal forstå andre, må du først forstå deg sjølv". Kva er tankane dine om denne påstanden?
Pellegrino Riccardi bruker erfaringane sine til å kome med råd om korleis vi kan kommunisere på tvers av kulturar. Kan du summere opp råda hans i fem setningar?