Ørkenblomsten og kvinner sine rettar - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Ørkenblomsten og kvinner sine rettar

Ørkenblomsten fortel historia om somaliske Waris Dirie. Dirie vart omskoren då ho var 3 år. Då ho var 13, flykta ho frå Afrika og vart etter kvart supermodell og talskvinne for FN. Her er oppgåver til filmen om kvinner sine rettar og den modige reisa til Waris for å få eit betre liv.

1. Filmopplevinga

  1. Korleis likte du filmen?

  2. Beskriv inntrykket ditt av hovudpersonen i filmen.

  3. Var det nokon scener i filmen som gjorde spesielt sterkt inntrykk på deg? Utdjup svaret.

2. Frå landsbygda til catwalken

  1. Kvifor, og korleis, flyktar Waris til London?

  2. Kva er årsaka til at Waris hamnar på sjukehus?

  3. Verkar Waris lykkeleg etter at ho byrjar å jobbe som modell? Grunngi svaret.

  4. Korleis sluttar filmen?

  5. Filmen byggjer på ein sjølvbiografi frå Waris Dirie. Kvifor er slike forteljingar så viktige?

3. Kjønnslemlesting

  1. Kva blir meint med kjønnslemlesting, eller kvinneleg omskjering?

  2. Kor utbreidd er dette på verdsbasis?

  3. Mange land, slik som Noreg, har forbode kjønnslemlesting. Kva er grunnen til at dette framleis blir praktisert enkelte stader i verda?

  4. Kva for nokre negative konsekvensar for helsa kan kjønnslemlesting medføre?

  5. På kva måtar kan kunnskap om kjønnslemlesting vere relevant for tilsette i norsk helsevesen og for menneske som jobbar med barn og unge?

Relatert innhald

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021