Hopp til innhald
Oppgave

Kulturell kompetanse – Kva vil folk seie

Hva vil folk si er en spillefilm om 16-år gamle Nisha som blir sendt til Pakistan fordi ho har ein norsk kjærast. Her er oppgåver til filmen om kulturkonfliktar, kulturell kompetanse og sosial kontroll.

1. Kulturmøte- og konfliktar

I Hva vil folk si får vi eit innblikk i to ulike kulturar: den norske fleirkulturelle ungdomskulturen, og kulturen til ein pakistansk familie som bur i Noreg.

  1. Korleis blir ungdomsmiljøet framstilt i filmen?

  2. Korleis framstiller filmen familien til Nisha?

  3. Kvifor trur du Nisha sin familie er så oppteken av kva andre pakistanske familiar tenkjer om dei?

  4. Korleis oppfører Nisha seg når ho er saman med venene og når ho er heime med familien?

  5. Gi døme frå filmen der dei to kulturane kjem i konflikt med kvarandre.

  6. Korleis utviklar forholdet mellom Nisha og faren seg gjennom filmen?

2. Kulturell kompetanse

  1. Kva gjer barnevernet for å prøve å hjelpe Nisha?

  2. Kvifor trur du det er så vanskeleg for dei å få Nisha til å fortelje sanninga?

  3. Kva synest du om behandlinga til barnevernet av saka til Nisha?

  4. Kva dilemma kan tilsette i barnevernet oppleve i saker som liknar på Nisha si?

  5. Kva blir meint med kulturell kompetanse?

  6. Drøft kva respekt og toleranse for andre sine kulturar inneber for tilsette i barnevernet.

3. Sosial kontroll

  1. Kva er sosial kontroll?

  2. Kva døme på negativ sosial kontroll finn du i filmen?

  3. Kvifor trur du familien til Nisha sender henne til Pakistan?

  4. Korleis endrar Nisha seg etter at ho kjem tilbake til Noreg?

  5. Kvifor trur du filmen har fått tittelen Hva vil folk si?

4. Nisha som 30-åring

I den siste scena av filmen ser vi at Nisha stikk av heimanfrå.

  1. Kva trur du skjer vidare med Nisha i livet?

  2. Skriv ein kort tekst om Nisha som 30-åring. Beskriv kva ho gjer til dagleg, om ho har familie eller bur åleine, staden ho bur og liknande.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Hva vil folk si

Hva vil folk si er ein gripande og viktig film om 16 år gamle Nisha, som prøver å finne plassen sin mellom to kulturar.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021