Kommunikasjon ved nedsett høyrsel - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kommunikasjon ved nedsett høyrsel

Når du skal kommunisere med nokon som har nedsett høyrsel, må du tenke på både kvar du plasserer deg, bakgrunnsstøy og klarleik i uttale og tempo. Teikn-til-tale (TTT) kan òg vere greitt å lære og bruke.

Oppgåver

  1. Kva for nokre tekniske hjelpemiddel kan vere nyttige for menneske med nedsett høyrsel? Søk på internett og skriv ned kva hjelpemiddel du finn.

  2. Korleis kan du gjennom kommunikasjon skape ein relasjon til ein person som har nedsett høyrsel?

  3. Korleis kan du skape gode situasjonar for kommunikasjon med personar med nedsett høyrsel?

  4. Kva utfordringar i kvardagen tenker du at ein person med nedsett høyrsel har?

  5. Kva blir meint med at nedsett høyrsel er ei samansett utfordring?

  6. Gå inn på høyrselssimulatoren til Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde. Utforsk korleis ulike typar høyrselstap kan opplevast i ulike situasjonar.

Utforsk teiknordboka

Å bruke teikn-til-tale som støtte til talen er eit godt hjelpemiddel for å kommunisere med menneske som har nedsett høyrsel.

Gå inn på Tegnordbok eller last ned appen Tegnordbok. Undersøk korleis du kan bruke nettsida eller appen.

Bruk teiknordboka og øv deg på enkelte ord og setningar saman med medelevar. Finn teikn på enkelte ord og øv dykk saman:

  • fargar: blå, raud, svart

  • matvarer: taco, pizza, graut, spagetti

  • dyr: katt, hund, ku, hare

  • møblar: stol, seng, rullestol, bord

  • kropp: munn, ansikt, hand og hender, fot og føter

  • aktivitet: fotball, strikke, gå, jogge

  • daglege gjeremål: pusse tenner, vaske ansiktet, vaske hendene, greie håret, barbere seg

Finn gjerne fleire ord som er aktuelle i kvardagen dykkar eller i praksis.

Prøv å seie følgande setningar ved hjelp av teikn-til-tale:

  • Eg liker deg.

  • Eg vil gå på tur.

  • Eg liker ikkje spagetti.

  • Liker du eple?

  • Vil du ha ein klem?

Finn gjerne fleire setningar, og øv dykk på å bruke teikn-til-tale i kvardagen.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2023