Forskjellar eller fellesskap? - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Forskjellar eller fellesskap?

Kva skjer når vi fokuserer meir på det vi har til felles, enn på det som skil oss?

Del 1

  1. Sjå videoen øvst i denne Dagbladet-artikkelen: Dansk video går verden rundt.
  2. Kva meiner du er hovudbodskapen i denne videoen?
  3. Les heile Dagbladet-artikkelen. Kva seier kanalsjefen for dansk TV 2, Lotte Lindegaard, at er bakgrunnen for at dei laga denne videoen?
  4. Diskuter påstanden: Samfunnet (media, skule, politikk) fokuserer altfor mykje på det som skil oss.

Del 2

  1. Cecilie Staude seier i Dagbladet-artikkelen at filmen speler på kjenslene våre. Korleis gjer han det?
  2. Kva slags motsetningspar bruker forteljaren for å beskrive menneske i starten av videoen? Er det vanleg å setje desse gruppene opp mot kvarandre?
  3. Kva skjer med stemninga når dei blir spurde om kven som var klassens klovn? Diskuter kva som skjer her, og korleis videoen får fram dette skiftet.
  4. Finn på nye spørsmål som kan skape fellesskap på tvers av grupper i samfunnet. Prøv dei ut i klasserommet.
  5. Diskuter: Kva kan du lære om kultur og kulturell identitet av denne videoen?
Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020