Aktiv lytting - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Aktiv lytting

Å bli lytta til av nokon som prøver å forstå korleis vi har det, bidreg til tryggleik. For å vise den andre at du er interessert og ønskjer å forstå, må du lytte aktivt til det den andre prøver å formidle både med ord og med kropp.

Vis interesse og ver merksamt til stades

Ved aktiv lytting gir du signal om at du ønskjer å forstå tankane, erfaringane og kjenslene til den andre. For å lytte aktivt treng du både verbale og nonverbale ferdigheiter. Gjennom kroppsspråk, spørsmål, kommentarar og svar viser du at du er interessert i kva den andre vil fortelje deg. Du må konsentrere deg om å forstå, og du må vere til stades og ha merksemda di retta mot den andre. På den måten viser du at du bryr deg.

Aktiv lytting bidreg til at andre opplever seg sett og trygge på at dei blir forstått, og at meiningane, tankane og kjenslene deira er viktige. Dei kjenner seg verdifulle.

Når du lyttar aktivt, bidreg du til at den andre får hjelp til å setje ord på kjenslene og tankane sine, og til at dei får høve til å formidle oppfatningane og meiningane sine. På den måten bidreg aktiv lytting òg til at den andre kan reflektere og få ny innsikt.

Still deg spørsmål

Aktiv lytting krev at du er interessert i det den andre formidlar, og viser dette både munnleg og gjennom å nytte kroppsspråket ditt aktivt. Ved at du ser på personen og har blikk-kontakt, fortel du den andre at du er interessert og lyttar.

"Kva er det personen prøver å fortelje meg?" og "korleis opplever personen dette?" er spørsmål det kan vere nyttig å stille seg sjølv i situasjonar der du prøver å få tak i bodskapen til den andre. Her må du både lytte til kva personen seier, og prøve å få tak i det som eventuelt ligg bak. For å få tak i det som ligg bak bodskapen, er det viktig at du prøver å lese og tolke kroppsspråket til personen, det personen uttrykkjer gjennom kroppen.

Aktiv tilbakemelding

Når du lyttar aktivt, må du òg aktivt gi tilbakemeldingar til den andre. Ved å gi små verbale oppmuntringar viser du at du er til stades og følgjer med. Dette kan vere småord og lydar som "mm", "aha", "ja", "ok", "bra!" som viser at du lyttar.

Du kan klargjere ved å stille spørsmål som "no forstod eg ikkje heilt, kan du gi meg eit døme?"

Du kan oppmuntre og stille spørsmål slik at den andre får høve til å utdjupe og fortelje meir. "Er det andre ting du tenkjer på i denne situasjonen eller samanhengen?" "Dette høyrest viktig ut for deg. Vil du fortelje meir om det du opplevde?" Du kan oppmuntre ved å seie: "Ja, hald fram" eller "bra! Fortel meir."

Bruk av nøkkelord kan bidra til at den andre fortel meir. Dersom ein person seier: "Det handlar om maten", kan du gripe fatt i ordet maten på ein spørjande måte. På den måten gir du respons ved å gjenta nøkkelord og uttrykk som den andre nyttar. Det gir deg høve til å utforske kva den andre synest er viktig. Samtidig gir du den du snakkar med, rom til å reflektere og uttrykkje seg vidare.

Kroppsspråk

Ved hjelp av kroppsspråk, til dømes nikk, smil eller hovudristing, viser du at du lyttar og følgjer med. Det kan oppmuntre den andre til å fortelje meir. Når du legg ei hand på armen eller held rundt skuldra på ein som er trist, viser du gjennom kroppsspråket at du lyttar og bryr deg om dei kjenslene personen uttrykkjer.

Du kan òg nytte andletsuttrykk og mimikk for å spegle kjenslene til personen og slik vise at du lyttar og forstår den kjenslemessige situasjonen til den andre. På den måten gjer du kjenslene synlege. Du kan òg hjelpe til med å gjere kjenslene synlege ved å setje ord på det du observerer. "Du vart sint då …" eller "vart du lei deg no?" Då viser du at du lyttar og kjenner igjen kjenslene til den andre. Samtidig er det viktig at du uttrykkjer at du aksepterer kjenslene. Det gir den andre høve til å bearbeide opplevingane og kjenslene sine.

Parafrasering

Å formidle til den andre korleis du forstår bodskapen, og å sjekke om forståinga di stemmer med det den andre ønskte å formidle, kan du mellom anna gjer gjennom å parafrasere. Parafrasere vil seie at du gir att det du har forstått, med eigne ord: "Eg forstår det slik at du er oppteken av å få vite kva som skal skje når legen kjem i dag. Du er litt redd for at dei gløymer å spørje deg om korleis du vil ha det, stemmer det?" På den måten kan du forsikre deg om at du har forstått bodskapen, samtidig som personen får høve til å kome med tilleggsinformasjon og oppklare misforståingar.

Parafrasering kan òg bidra til at den andre held fram med å snakke.

Utfordringar til deg

  1. Kva inneber aktiv lytting for den andre?

  2. Kvifor bør helsefagarbeidarar lytte aktivt til dei personane dei møter?

  3. Korleis kan du vise at du er interessert og bryr deg om personen du møter?

Kjelde

Røkenes, O. H. & Hanssen P.-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3.utg). Fagbokforlaget.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kva er god kommunikasjon?

Korleis kan vi saman få til betre kommunikasjon? Ein fagperson gir nokre gode råd.

Oppgåver og aktivitetar
Kor godt les du andre?

Kan du tolke kva folk meiner ved å berre sjå på kroppsspråk og ansiktsuttrykk?

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024