Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Tiltak som fremmar sosial kompetanse

Kva tiltak kan fungere for å utvikle den sosiale kompetansen til barn og unge? Ein god relasjon til ein vaksen gir tryggleik og gjer at barn og unge kan utforske og få gode erfaringar i sosial samhandling. Samtidig får dei rettleiing, hjelp og støtte av ein omsorgsfull og vennleg vaksen.

Empati

I filmen under (lengde 2:47) kan du lære meir om kva empati er, og korleis det å vise empati er viktig i samhandling med andre.

Oppgåver om empati

  1. Korleis kan du vise empati?

  2. Korleis kan du hjelpe og støtte utviklinga av empati hos barn og unge?

  3. Lag eit formingsuttrykk (teikning, måling, leire og så vidare) som illustrerer omgrepet empati.

  4. Finn musikk og songar som handlar om empati. Diskuter med ein eller fleire medelevar korleis de kan bruke musikk for å utvikle empatien til barn og unge.

Samarbeid

Samarbeid betyr å dele, hjelpe kvarandre og vere avhengige av kvarandre. Det handlar òg om å følge reglar og beskjedar. Samarbeidsferdigheiter må lærast, på same måte som vi må lære å lese og skrive.

Oppgåver om samhandling

  1. Kva er gode samarbeidsferdigheiter? Korleis kan du lære barn og unge gode samarbeidsferdigheiter?

  2. Samarbeid to og to om å bygge ein båt av lego eller andre klossar. Viss de ikkje har klossar eller lego i klasserommet, kan de lage eit puslespel saman. De må bli einige om storleik, type båt, kva de skal gjere, og korleis de skal utføre arbeidet. Gjennomfør bygginga saman. Etterpå diskuterer de følgande spørsmål:

    • Korleis gjekk samarbeidet?

    • Korleis kommuniserte de? Var de høflege overfor kvarandre, oppmuntra de kvarandre undervegs?

    • Korleis motiverte de kvarandre?

    • Fekk begge to høve til å uttrykke idéar og meiningar?

    • Korleis kan de samarbeide på ein god måte med andre? Beskriv kva som trengst for å få til eit godt samarbeid.

  3. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere ein god rollemodell for barna òg når det gjeld samarbeid.

    1. Kva verdiar og haldningar meiner du er viktige for å vere ein god rollemodell i dette arbeidet?

    2. Kva eigenskapar har du som kan vere ein styrke i dette arbeidet?

  4. Korleis vil du oppmuntre barn og unge til å samarbeide på ein god måte?

  5. Korleis vil du støtte og hjelpe barn og unge som ikkje meistrar å samarbeide med andre? Beskriv og forklar kva du vil gjere.

  6. Finn ulike samarbeidsleikar / øvingar / aktivitetar på internett og prøv desse i klassen.

Sjølvhevding

I filmen under (lengde 3:05) møte vi Ole og Selma. Når dei leiker med vennene sine, skulle dei begge ønske at dei torde å seie meir frå til dei andre om kva dei meiner og vil. Det er ikkje alltid så lett. Korleis ville vennene reagere viss dei sa frå?

Oppgåver om sjølvhevding

  1. Kva er sjølvhevding?

  2. Korleis kan du støtte barn og unge til å uttrykke eigne meiningar i samhandling med andre?

  3. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge som er beskjedne og redde for å mislykkast, til å ta kontakt med andre?

  4. Kva samanheng er det mellom medverknad og sjølvhevding?

  5. Å stå imot gruppepress krev sjølvtillit. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge til å få styrkt sjølvtilliten?

  6. Korleis anerkjenner du barn og unge som seier kva dei meiner, og som seier frå viss dei opplever at du opptrer urettferdig? Beskriv kva du gjer, og gi konkrete døme.

  7. Øving i diskusjon

    1. Gå saman i grupper. Vel ei sak de har ulike meiningar om, som de kan diskutere. Øv på å få fram eigne meiningar, samtidig som de prøver å lytte, anerkjenne og forstå meiningane til dei andre.

    2. Reflekter: Korleis var det å få fram di eiga meining om saka, samtidig som du tok ansvar for å forstå og anerkjenne meiningane til dei andre?


Sjølvkontroll

Livet består av både sigrar og nederlag, og alle opplever å bli avviste i leik og aktivitet innimellom. Vi må lære oss å handtere dei kjenslene dette gir oss.

Sjølvkontroll betyr å styre kjenslene sine, tilpasse seg andre og vise omsyn. Det kan vere å vente på tur, tenke før ein snakkar og reagere roleg i utfordrande situasjonar og på kommentarar. Det handlar òg om å uttrykke kjensler på ein passande måte, utsetje eigne behov, følge reglar og handtere ueinigheit og konfliktar på ein god måte. Å vere klar over sine eigne kjensler og forstå seg sjølv er viktig.

Oppgåver om sjølvkontroll

  1. Kvifor er det så viktig at vi vaksne forstår, respekterer og anerkjenner kjenslene til barn og unge?

  2. Korleis kan du hjelpe barn som har sterke kjensleuttrykk i sosiale situasjonar eller i konfliktar?

  3. Korleis kan du hjelpe barn og unge til å få positive tankar om seg sjølve, sjølv om dei har opplevd noko som er tøft og vanskeleg?

  4. Korleis kan du hjelpe og støtte barn som har blitt avviste av andre, slik at dei taklar kjensla og samtidig får tru på seg sjølve?

  5. Sjølvkontroll og sjølvregulering er noko vi utviklar gradvis gjennom heile barndommen. Diskuter med ein eller fleire medelevar: Kvifor er det viktig å hjelpe barn og unge til å bli rolege innvendig før vi foreslår alternative løysingar?

  6. Lag ei kort digital forteljing eller film om korleis vaksne kan hjelpe og støtte utviklinga av sjølvkontroll hos barn og unge.

Ansvarskjensle

Ansvarskjensle handlar om å gjere det ein har lovd, halde avtalar og respektere tinga og arbeidet til andre. Det handlar òg om å ta konsekvensane av ansvaret ein får når ein får vere med og bestemme.

Oppgåver om ansvarskjensle

  1. Korleis kan du hjelpe og støtte barn til å handle ansvarleg i ulike situasjonar?

  2. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge til å vere ansvarlege og ta rett val i ulike situasjonar?

  3. Korleis kan du hjelpe og støtte barn og unge i konfliktar, slik at dei blir rusta til å ta ansvar, hevde seg og ha sjølvkontroll?

  4. Korleis kan du hjelpe barn og unge til å uttrykke kjensler på ein formålstenleg måte, tilpassa situasjonen?

  5. Gå ein runde rundt skulen saman med ein medelev og diskuter følgande spørsmål: Kva betyr ansvarskjensle for ein elev i barne- og ungdomsarbeidarfaget? Korleis kan de ta ansvar for det de seier og gjer? Finn konkrete døme på ansvarlege handlingar i skulekvardagen.

Vennskapar

I filmen under (lengde 1:56) kan du lære meir om kvifor vennskapar er så viktig for helse og utvikling av identitet. Men det kan vere vanskeleg å ta kontakt med nokon du ikkje kjenner så godt frå før. Det kan vere vanskeleg å få nye venner.

Oppgåver om vennskapar

  1. Kvifor er det godt å ha venner?

  2. Kva er ein god venn?

  3. Korleis kan vi få venner?

  4. Korleis kan vi behalde venner?

  5. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe og støtte barn og unge til å få venner og halde ved like og utvikle vennskapar?

  6. Kva kan vennskapar bidra til med tanke på utvikling av sosial kompetanse? Gi døme og forklar.

  7. Lag ei liste over aktivitetar som du meiner vil bidra til å styrke den sosiale kompetansen til barn og unge, og som bidreg til at dei tek kontakt og utviklar vennskapar.

Sosiale ferdigheiter

Filmen under (lengde 8:14) er ei illustrert forteljing frå boka Gleding! med Lykke og Wilmer skriven av Siri Abrahamsen. Han er òg teiknspråktolka. Sjå filmen og svar på oppgåvene under. Eit kort tekstsamandrag av korleis Lykke og Wilmer vil spreie superkreftene sine, og korleis dei vil spreie glede, er òg tilgjengeleg under.

Tekstsamandrag av visuelle element i filmen

  • Korleis Lykke og Wilmer vil spreie superkreftene sine:

    • gi ros

    • gå bort til dei som står åleine

    • snakke om det som er vanskeleg

    • seie takk!

    • bli kjende med nye barn

    • vise omsorg

    • spørje andre om dei vil bli med og leike

    • vere ein god lagspelar

    • glede meg med andre

    • spørje andre korleis dei har det

    • seie stopp, vere modige om noko ugreitt skjer

    • vere hjelpsame

    • smile!

    • seie hei!

    • lytte til andre

    • vere glad i meg sjølv

    • snakke fint om andre

  • Korleis Lykke og Wilmer vil spreie glede:

    • trøyste dei som er lei seg

    • danse i regnet

    • halde oppe dører

    • leike med søster eller bror

    • henge opp jakka

    • ringe bestemor

    • skrive eit koseleg kort

    • plukke blomstrar til mamma og pappa

Oppgåver om sosiale ferdigheiter

  1. Kva for nokre sosiale ferdigheiter tenker du Lykke og Wilmer viser i boka?

  2. Korleis vil du bruke denne boka saman med barn? Beskriv kva du vil gjere, og grunngi kvifor.

  3. Filmen er laga for barn med høyrselsnedsetjingar, som bruker teiknspråk til å kommunisere med. På kva måte kan denne videoen bidra til inkludering og fellesskap?

Skrive av Siv Stai.
Sist oppdatert 23.01.2025