Oppgåve
Video
Språkvanskar i barneskulen
Som tilsett i barneskulen/SFO er det viktig å kunne kjenne igjen språkvanskar. Her vil du lære om kjenneteikn på dei ulike typane språkvanskar barn kan ha. I tillegg er det viktig for barna at du kan foreslå aktivitetar som fremmar språkutvikling.
Sjå filmen Språkvansker på barnetrinnet (lengde 9:08), som er ein del av Lesesenterets språkløype "Vansker med språk, lesing og skriving".
Video: Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking / CC BY-SA 4.0
Del 1. Spørsmål knytte til filmen
- Kva ferdigheiter har betyding for å lære og for å formidle kunnskap?
- Kva er spesifikke språkvanskar?
Gi døme på kva språkvanskar går ut på innanfor desse områda:
- lydar
- forstå og uttrykke språk
- bruk av språk
- Kva kjenneteikn har vi på språkvanskar?
- Finn ut korleis du kan møte og jobbe med barn som har ulike språkvanskar.
Del 2. Språkstimulerande aktivitetar
Søk på internett og finn språkstimuleringsaktivitetar som passar for barn i barneskulen. I relatert innhald finn du linkar til nokre aktuelle nettsider.
Lag aktivitetskort som fortel
- kva aktiviteten går ut på
- korleis han skal gjennomførast
- kvifor denne aktiviteten stimulerer til språkutvikling
- Illustrer aktiviteten på aktivitetskortet, anten ved å teikne sjølv eller ved hjelp av bilete frå nettet.
Samle saman alle idéane frå klassen og lag eit språkhefte til bruk i barneskulen/SFO.
Relatert innhald
Språkløyper
Nettside hos sprakloyper.uis.no
Barnesanger, rim og regler
Nettside hos barnesanger.no