Oppgave
Den samiske nasjonaldagen
I arbeid med barn og unge skal samisk kultur synleggjerast. Korleis vil du jobbe med samisk kultur og feire den samiske nasjonaldagen i barnehage og SFO?
Lag ein plan for barnehage eller SFO, vel sjølv alder på barna. Målet er at barna skal få kjennskap til samisk kultur i samband med den samiske nasjonaldagen. Jobb gjerne saman i grupper. Bruk relatert innhald til inspirasjon.
Beskriv
kor lenge de har tenkt å jobbe med temaet
kva de heilt konkret vil gjere (innhald)
korleis de vil gjennomføre det (arbeidsmåtar)
kvifor de vil gjere det på denne måten (mål)
korleis de vil dokument at de arbeider med dette temaet i barnehagen eller SFO
Presenter planen for resten av klassen. Bruk gjerne PowerPoint i presentasjonen slik at de kan leggje inn ulike bilete som viser innhaldet/aktivitetane de har valt.