Faget kommunikasjon og marknadsføring
Emne i faget
Det nye faget kommunikasjon og marknadsføring inneheld mange av dei same emna som tidlegare var i faga innovasjon og marknadsføring på sal og reiseliv og kommunikasjon og yrkesutøving på service, sikkerheit og administrasjon.
Endringar
I den gamle læreplanen på sal og reiseliv skulle elevane utvikle eit produktforslag, mens i den nye læreplanen er målet forenkla til at dei skal kunne presentere eit produkt som representerer innovasjon og nyskaping.
Når det gjeld reiselivsprodukt, har vi motsett endring. Tidlegare skulle elevane forstå og presentere eit heilskapleg reiselivsprodukt, mens dei etter den nye læreplanen skal kunne utvikle og presentere eit heilskapleg reiselivsprodukt.
KI – ei grunnleggande ferdigheit
Den største endringa i dei grunnleggande ferdigheitene i den nye læreplanen er at bruk av KI er teken med under digitale ferdigheiter:
Digitale ferdigheiter handlar òg om å kunne bruke digitale verktøy og å kunne bruke kunstig intelligens i eige arbeid og i tverrfaglege samanhengar.
Bruk av KI er derfor lagd inn i fleire oppgåver, sidan det er viktig at elevane lærer seg å bruke verktøyet på ein formålstenleg måte. Vi oppfordrar til å bruke NDLA sin praterobot, og ber elevane reflektere over kva som kjenneteiknar god bruk av KI.
Bruk av KI i yrka som elevane skal inn i, er òg teken inn i fagressursane.