Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Innovasjon

Vi har mange former for innovasjon. Kva knyter du til eit innovativt produkt? Her skal vi sjå på kva som skal til for eit produkt skal kunne kallast innovativt og nyskapande.

Kva er innovasjon?

Omgrepet innovasjon er i st.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge definert som

en ny vare, en ny tjeneste, en ny produksjonsprosess, anvendelse eller organisasjonsform som er lansert i markedet eller tatt i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdier

Innovasjon Norge bruker òg denne definisjonen. Ei innovativ bedrift skaper altså noko nytt. Det kan vere nye produkt, produksjonsmetodar, forretningsmodellar eller sal- og distribusjonsformer.

Produktinnovasjon

Eit produkt kan delast inn i fem lag eller nivå. Sjå illustrasjonen nedanfor. Vi kan ha innovasjon i eitt eller fleire av nivåa til produktet. Til dømes er ein miljøvennleg, nedbrytbar emballasje eit døme på ein innovasjon i det konkrete produktet.

Dronar er ikkje eit nytt produkt, men nye bruksområde kan likevel gjere dronen til eit innovativt produkt. Innovasjonen er då i det potensielle produktet. På biletet øvst ser vi at ein drone blir brukt til leveranse av ein pakke. Kva tenker du kan vere ein innovativ bruk av dronar i framtida?

Aktuelle lenker om innovativ bruk av dronar

NRK: Drone­prosjekt i politiet: – Har oppklart mange saker og redda liv

Din bedrift.no: Droneindustrien går inn i en ny fase: Fra teknologioptimisme til industriell infrastruktur

Dronemagasinet: 24 millioner til nytt droneprosjekt i helse-Norge

Produktinnovasjon innan sal

Eit døme på produktinnovasjon innan sal er den hylle-skannande roboten Tally, som blir brukt i nokre Spar-butikkar i Austerrike.

Ved hjelp av kunstig intelligens (KI) og 3D-kamera ser Tally med ein gong om det er tomt for ei vare, eller om ei vare er plassert på feil hylle. Dataene roboten samlar inn, blir sende i sanntid til handterminalane til dei tilsette eller smartklokker. Dei tilsette får ei ferdig liste over nøyaktig kva for varer som må hentast frå lageret og fyllast på.

Tally kan òg lese hylleetikettane og varsle dersom prisen på hylla ikkje stemmer overeins med det som ligg inne i kassesystemet.

Produktinnovasjon innan service og administrasjon

For ein administrasjonsmedarbeidar har KI revolusjonert kontorkvardagen, spesielt gjennom verktøy som sorterer, analyserer og arkiverer data automatisk.

Avanserte programvarer les automatisk gjennom hundrevis av innkommande fakturaer, reiserekningar eller søknader, hentar ut nøkkelinformasjon og fører han direkte inn i systema i bedrifta.

Produktinnovasjon innan reiseliv

KI har òg gitt oss mange nye innovative produkt innan reiseliv, som den KI-drivne behovskartleggingsagenten Stippl. Her kan den reisande fortelje agenten ønska sine: "Eg vil ta med familien på ein 10-dagars tur til Japan. Vi har eit budsjett på 40 000 kroner. Barna elskar anime, og vi vil bu på hotell med god utsikt."

På nokre sekund hentar agenten inn sanntidsdata. Han sjekkar flytider, hotelltilgjengelegheit og ruter, og set opp eit detaljert forslag til tidslinje dag for dag. Agenten kan òg fullføre transaksjonane og bestille fly, hotell og togbillettar direkte på tvers av ulike selskap, utan at den reisande må klikke seg vidare til eksterne nettsider.

Produktinnovasjon innan sikkerheit

Er du lei av å ta ut pc-en i sikkerheitskontrollen? Ny røntgenteknologi gjer at passasjerar slepp å ta elektronikk ut av handbagasjen, og på sikt kan det òg bli enklare å reise med flytande væske.

Diskuter

Diskuter med ein medelev kva for nokon nye produkt de meiner er mest innovative, og grunngi kvifor akkurat desse er innovative.

Ta gjerne utgangspunkt i artikkelen "34 ledende eksempler på innovative produkter" på Shopify sitt blogginnlegg.

Innovative ungdomsbedrifter

Om de skal jobbe med ungdomsbedrift, er Innovasjonsprisen ein av mange prisar de kan kjempe om. For å vinne han gjeld det å tenke nytt, og løyse eit problem på ein ny og innovativ måte. Nedanfor kan du lese om produkta til ungdomsbedriftene som vann innovasjonsprisen i NM i 2026.

1. plass: Moore UB

Moore UB vil levere ein ny teknologi for å identifisere tau, noko som skal kutte overforbruk og unødvendige kostnader innanfor den maritime industrien. Problemet i dag er at taua ikkje er sporbare. Tau som ikkje kan koplast til ei sertifisering, må kastast, sjølv om dei framleis er fullt brukbare. Dette fører til at taua berre blir brukte til ein seksdel av det fulle potensialet, noko som svarer til at 22 millionar meter tau blir kasta unødvendig kvart år.

Grunngivinga frå juryen

Juryen er råimponert over eit sterkt innsiktsarbeid, og at bedrifta har utvikla eit produkt som løyser eit globalt problem innan fleire store næringar. Dette er innovativt, det har eit stort miljøperspektiv, og kundane til bedrifta vil oppleve kostnadsinnsparingar. I tillegg gir det rett og slett meining at det er slik bransjen bør jobbe. Vidare er juryen veldig imponert over at bedrifta allereie har fått til eit samarbeid med ein leiande industriell partnar i bransjen sin. Utanom det meiner juryen at selskapet har eit sterkt økonomisk potensiale, ikkje berre i Noreg og for lokale forhold, men for ein samla global marknad.

(Bedrifta fekk òg 3. plass i konkurransen om berekraftsprisen.)

2. plass: EcoMelt UB

EcoMelt vil i samarbeid med Vinterdriftsenteret på NTNU utvikle eit nytt og betre vegsalt som let entreprenørane bruke mindre salt på ein meir effektiv måte.

Lågtrafikkerte vegar i Noreg blir salta med 71 000 tonn salt kvar vintersesong, og alt dette hamnar i naturen. 14 200 tonn av dette saltet går tapt før det gjer nytte for seg, og dette gjer at entreprenørane må salte meir for å kompensere. Oversalting fører til oksygenmangel og gassdanning i ferskvatn, som er kritisk for fisk og andre ferskvassartar. I tillegg hindrar oversalting plantar i å ta opp næring, og er korrosivt på bilar, noko som gjer at dei rustar.

Grunngivinga frå juryen

Juryen er imponert over korleis bedrifta har sett eit problem som finst både i Noreg og internasjonalt, og at dei løyser dette på ein berekraftig og økonomisk smart måte. Produktet som bedrifta er i prosess med, og utviklinga og ferdigstillinga i samarbeid med industrielle partnarar, er rett og slett imponerande. Produktet vil gjere norske og internasjonale vintervegar tryggare utan å belaste naturen på same måten som i dag.

3. plass: ReBait UB

ReBait vil utvikle ein miljøvennleg fiskesluk laga av fiskerestar som elles ville gått til spille. Bedrifta tek tak i to sentrale utfordringar: matsvinn i fiskenæringa og miljøgifter i havet som følge av tapte og etterlatne fiskeslukar.

Dei utnyttar matsvinn frå norsk havbruk som ein verdifull ressurs og gjer det om til fiskeslukarar for hobbyfiskarar. Slik reduserer dei avfall, skaper nye produkt og bidreg samtidig til ei meir berekraftig havnæring.

Grunngivinga frå juryen

På ein innovativ og berekraftig måte har bedrifta teke eit kjent og stort globalt produkt vidare. Ikkje berre løyser dette produktet same funksjonar som dagens marknad, men bedrifta aukar òg sjansane for at hobby- og sportsfiskarar faktisk vil få meir fisk. Juryen ønsker dermed å gi tredjeplassen til Rebait.

Kjelder

Engen, Ø. (2026, 21. mai). Får ny sikkerhetskontroll: Slipper å ta ut elektronikken. TV 2. https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/far-ny-sikkerhetskontroll-slipper-a-ta-ut-elektronikken/18340447/

Kotler, P. (1988). Marketing management. (6. utg.). Prentice-Hall International.

SPAR International. (2023, 27. juni). SPAR Austria expands inventory robot trial. https://spar-international.com/news/spar-austria-expands-inventory-robot-trial/

Stippl. (u.å.). Stippl: The all-in-one travel planning app. Henta 15. juni 2026 frå https://www.stippl.io/

Ungt Entreprenørskap. (2026). Resultatliste – NM Ungdomsbedrift 2026. https://www.ue.no/norgesmesterskap-ungdomsbedrift-2026/resultatliste

Relatert innhald

Vern av design

Designlova hindrar at andre kan kopiere utsjånaden til eit produkt du har laga. Men då må du først registrere rettane til designet ditt.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 23.06.2026