Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Konkurransemiddel

Konkurransemidla produkt, pris, plassering, personale og påverknad blir også kalla dei 5 P-ar, og brukast som verkemiddel for å gjere ei merkevare kjend. I filmen nedanfor (lengd 03:00) ser vi korleis Cutters bruker konkurransemidla i merkevarebygginga si.
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0

Produkt

Produktet må løyse eit behov du anten har identifisert eller skapt hos målgruppa. Det er ofte fleire som tilbyr relevante produkt, og då er det viktig å skilje seg ut. Fint design og gode verdiar som speler på ulike følelsar, kan bidra til at kundane legg merke til akkurat ditt produkt. Den fysiske innpakkinga, i form av kvalitet, utforming og emballasje, gir produktet ein visuell identitet.

Tenk over

  • Kva for eigenskapar ved eit produkt synest du bør framhevast?

  • Kva vil du leggje vekt på i valet av ein visuell profil?

  • Korleis bruker Cutters konkurransemiddelet produkt?

Pris

Kva for prisstrategi skal du velje? Du bør ha eit tydeleg og medvite forhold til pris. Vil du ha ein høg pris for å signalisere eksklusivitet? Eller ønskjer du å tiltrekkje deg kundar med ein låg pris? Dersom du legg deg på ein middels pris, er det vanskelegare å bruke prisen som eit verkemiddel for å byggje merkevare.

Tenk over

  • Kva for prisstrategi ville du ha valt?

  • Korleis bruker Cutters konkurransemiddelet pris?

Plassering (distribusjon)

Plassering handlar både om fysisk plassering og distribusjonsmetode. Ei sentral plassering, til dømes på Karl Johan i Oslo, er kostbar, men kan vere svært verdifull for å gjere merkevara kjend. For selskap som Amazon er distribusjonskanalen på nett ein svært stor del av merkevara.

Tenk over

  • Korleis ville du ha valt plassering?

  • Korleis bruker Cutters konkurransemiddelet plassering?

Personale

Merkevarer er bygde opp rundt ein ideologi, og denne må personalet få opplæring i. Kundeopplevinga personalet gir, må høyre saman med ein heilskapleg kommunikasjon av merkevara. Ved å skape gode kunderelasjonar og få fornøgde kundar, kan personalet bidra til lojalitet til merkevara.

Tenk over

  • Kva for rolle tenkjer du at personalet kan ha i oppbygginga av ei merkevare?

  • Korleis bruker Cutters konkurransemiddelet personale?

Påverknad (marknadskommunikasjon)

Vi bruker både produkt, pris, plassering og personalet aktivt når vi skal påverke målgruppa til å kjøpe ei merkevare. Vi må setje saman ein heilskapleg kommunikasjonsstrategi for påverknad, som gjer at kundane forstår konseptet vårt. Her er val av uttrykksform og kanalar for påverknad viktig.

Tenk over

  • Kva for marknadsføringskanalar tenkjer du det er viktig å bruke?

  • Korleis synest du reklame og anna marknadsføring bør utformast?

  • Korleis bruker Cutters konkurransemiddelet påverknad?

Fagomgrep

Konkurransemiddel
er verktøy bedrifta kan bruke for å oppnå auka sal, ofte kalla dei 5 P-ar.
Dei 5 P-ane
er produkt, pris, plassering, personale og påverknad.
Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 22.10.2025