Semiotikk og omgrepet "naturleg" - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Semiotikk og omgrepet "naturleg"

Kva for nokre ulike tydingar kan teiknet "naturleg" ha, og kvar får det desse tydingane frå? Finn svar på dette i ein episode av NRK-serien Folkeopplysningen.

1. Kva betyr det at noko er naturleg?

Sjå episoden og jobb med oppgåvene.

  1. Kva er "den naturlege feilslutninga"? Kvar kjem denne idéen frå?

  2. Har du sjølv gjort denne feilslutninga?

  3. Noter alle dei ulike tydingane "naturleg" kan ha, ifølge språkforskar Helene Uri.

  4. Diskuter: Kan du bruke omgrep frå semiotikken til å forklare kvifor teiknet "naturleg" kan ha så mange ulike tydingar?

2. Korleis uttrykker vi at noko er naturleg?

Å marknadsføre produkt som naturlege er eit salstriks som Andreas Wahl vil vi skal vere kritiske til. Men korleis kommuniserer produsentane at eit produkt er naturleg?

  1. Gå til næraste daglegvarebutikk og leit etter produkt som indirekte blir marknadsførte som naturlege, ved at teikn eller semiotiske ressursar ved utsjånaden har konnotasjonar til naturlegheit.

  2. Ta bilete (frå alle kantar, òg der næringsinnhaldet og annan informasjon står) av minst to produkt, og ta med bileta tilbake til klasserommet.

  3. Diskuter bileta, først i grupper, så i heile klassen. Kva semiotiske ressursar eller teikn er det som gjer at de tolkar produktet som naturleg?

  4. Diskuter: Korleis tolkar vi eigenskapane til eit produkt som blir marknadsført som naturleg?

  5. Undersøk næringsinnhaldet og annan informasjon om produkta du har teke bilete av. Stemmer dei faktiske eigenskapane med førsteinntrykket ditt?

3. Gjer ein semiotisk analyse av eit "naturleg" produkt

Vel eit produkt eller ei teneste som du meiner blir marknadsført som "naturleg". Det kan vere alt frå mat, mote og kosmetikk til reiseliv. Gjer ein semiotisk analyse av anten produktet sjølv eller marknadsføringsmaterialet som blir brukt til å kommunisere det naturlege ved produktet.

Finn tips til korleis du kan gjere dette i artikkelen om semiotisk analyse.

Analysen må innehalde

  • ei grundig skildring av denotasjonen til meiningsberande element som teikn eller semiotiske ressursar

  • ei skildring av konnotasjonar og dei kulturelle kodane som bidreg til å skape dei

  • ei skildring av korleis teikna saman skaper meining i syntagmet dei er ein del av

  • ei skildring av paradigme som har med det naturlege å gjere – Kva blir det naturlege definert opp mot?

  • ein diskusjon om ideologiar, mytar eller maktrelasjonar som kan ligge bak bodskapen

Relatert innhald

Fagstoff
Sosialsemiotikk

Korleis påverkar den sosiale konteksten tydinga til teikn, og kva for nokre sosiale funksjonar kan teikn ha?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022