Utforsk grammatiske element i tekstar

1. Tekstkoplingar
Les avsnittet om setningskoplingar i artikkelen "Grammatiske element i tekst".
Kva er forskjellen på eksplisitte og implisitte tekstkoplingar?
Kva for nokre ulike typar koplingar står det om i artikkelen?
Sjå på dei fire tekstdøma i boksen under. Er det brukt eksplisitte eller implisitte tekstkoplingar?
Kva slags samanheng (årsak, tid, motsetningar, tillegg) tolkar du at tekstkoplingane i døma skaper? Kva gjer dette med korleis du tolkar heile tekstutdraget?
Forsking viser at skjermbruk blant ungdom har auka raskt over relativt kort tid. Psykiske helseproblem held fram med å auke blant ungdom.
Eg er ikkje er ein klimaaktivist, men eg ser på klimaendringane som ei av våre største utfordringar framover.
Egg, sukker, mjølk, kveitemjøl, bakepulver
Tottenham–Manchester United
2. To perspektiv på klimaendringar
Les avsnitta om verkelegheitsbilete og referentar og referentkoplingar i artikkelen "Grammatiske element i tekst".
I skjermbileta under av to Facebook-innlegg av høvesvis Carl I. Hagen og Extinction Rebellion Noreg møter du to ulike syn på klimaendringar. Korleis kjem dette til uttrykk i grammatiske val?
Lag ei oversikt over ordval, bøyingsformer, referentar og referentkjeder som du synest er interessante i dei to tekstane.
Samanlikn resultatet i klassen, og diskuter kva verknad dei ulike grammatiske grepa har på bodskapen som blir formidla.

