Ulike tilnærmingar til interkulturell kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike tilnærmingar til interkulturell kommunikasjon

Korleis du ser på kultur, påverkar òg korleis du tilnærmar deg interkulturell kommunikasjon. Kva slags konsekvensar har dei ulike tilnærmingane?

Interkulturell kommunikasjon

Med interkulturell kommunikasjon meiner vi kommunikasjon mellom aktørar frå ulike kulturelle fellesskap. Slike fellesskap kan vere nasjonalitet eller etnisitet, men også yrke, kjønn, funksjonsgrad og alder. Interkulturell kommunikasjon handlar om å ha empati og sjølvinnsikt for å kommunisere godt med andre, som har ulike erfaringar.

Beskrivande tilnærming

Korleis vi utforskar kommunikasjon, vil avhenge av om vi bruker ei beskrivande eller ei dynamisk tilnærming til kultur. Viss vi bruker ei beskrivande tilnærming til kultur, kan kulturar beskrivast gjennom trekk som er typisk for denne kulturen. Denne tilnærminga kan fort bli essensialistisk, at ho legg for mykje vekt på det som er likt og einskapleg. Ei beskrivande tilnærming vil prøve å beskrive kulturavstanden gjennom samanlikningar, og er ofte basert på generaliseringar om store kulturelle fellesskap, slik som nasjonale kulturar eller etnisitet.

Tenk over / diskuter:

Vel eit land du har vore i dei siste åra. Kor lett er det å finne trekk som er typiske for kulturen i dette landet?

Dynamisk tilnærming

Dersom vi bruker den dynamiske kulturforståinga på ein kommunikasjonssituasjon, ser vi at omgrepet kulturell avstand blir mindre viktig. Vi forstår ikkje kultur som noko avgrensa og einskapleg, men som kodar og ressursar som vi deler og skaper i samspel med andre i ulike kulturelle fellesskap. Med ei dynamisk tilnærming ser vi på kva kodar og ressursar dei ulike aktørane tek i bruk i for å forstå kvarandre i den konkrete situasjonen. Dette utgjer den kulturelle konteksten for kommunikasjon.

Det blir òg viktig å sjå korleis vi blir påverka av den tekstuelle og situasjonsmessige konteksten. Vi tolkar altså meldingar i lys av andre ytringar i utvekslinga, og i lys av kvar deltakarane i kommunikasjonen er, kva dei har som mål, og korleis status, identitet, roller og relasjonar påverkar samspelet. Les meir om kontekst og kommunikasjon i den relaterte artikkelen:

Relatert innhald

Ei dynamisk tilnærming krev refleksjon og fleksibilitet

I ei beskrivande tilnærming kan du som forskar på kommunikasjonen til andre, vere ein nøytral observatør som stoler på at skildringane dine er ei attgjeving av røyndommen. Med ei dynamisk tilnærming må du òg ta omsyn til at din eigen kulturelle ståstad vil farge korleis du ser og tolkar det du observerer.

Den dynamiske tilnærminga er mykje meir fleksibel for å forstå kva som skjer enn ei beskrivande essensialistisk tilnærming. Men det er mykje meir krevjande å analysere ein kommunikasjonssituasjon på denne dynamiske måten, enn når ein til dømes kan bruke ei "oppskriftsbok" på korleis ein "typisk" norsk person vil kommunisere med ein "typisk" arabisk person.

I denne videoen beskriv Pellegrino Riccardi ei dynamisk tilnærming til kommunikasjon, på bakgrunn av sine eigne erfaringar som norsk-italiensk med oppvekst i England:

TedEd: "Cross cultural communication: Pellegrino Riccardi. TEDxBergen"

Eit døme:

I NRK-klippet under ser du ein samtale mellom ungdom frå Finnmark og frå Austlandet.

Ei beskrivande tilnærming ville sett etter forskjellar mellom korleis dei samiske og dei austlandske ungdommane kommuniserer ut frå kunnskap om til dømes samisk og norsk kommunikasjonsstil, tradisjonar, vanar, verdiar, verdsbilete og menneskesyn.

Ei dynamisk tilnærming ville teke utgangspunkt i den konkrete situasjonen og utforska samspelet mellom faktorar som påverkar kommunikasjonen, som identitet (dei er unge, dei er jenter og gutar, dei bur i byar eller på bygda), relasjonar (ungdommane frå Austlandet styrer samtalen fordi dei er der for å stille spørsmål til dei andre), ting som blir sagt i samtalen, situasjonen (dei blir filma for å lage eit program).

Tenk over / diskuter:

Kva meiner du er styrkar og svakheiter i dei to ulike tilnærmingane?

Kva synest du om kommunikasjonen mellom dei to ungdomsgruppene? Forstår dei kvarandre?

Interkulturell, tverrkulturell eller intrakulturell?

Tverrkulturell eller interkulturell kommunikasjon?

Kva er forskjellen på tverrkulturell og interkulturell kommunikasjon? Desse omgrepa blir brukte om kvarandre, men forskjellen ligg i korleis dei blir brukte.

Forsking på interkulturell kommunikasjon handlar ofte om samspelet mellom kulturelle faktorar, medan tverrkulturell forsking oftast er samanlikningar av kulturar der forskjellar blir tydelege (Allen, s.308, 2017).

Korleis vi ser på kommunikasjon og kultur, har forandra seg med utviklinga i samfunnet, til den globaliserte verda vi lever i i dag. I starten var arbeidd med tverrkulturell kommunikasjon retta mot å hjelpe dei som av ulike grunnar måtte reise til og arbeide i andre land, slik som misjonærar og representantar for land eller internasjonale selskap. Det var oftare ei essensialistisk tilnærming til kultur som låg bak dette arbeidet, med vekt på at dei ville møte einskaplege nasjonale kulturar i landa dei reiste til. I dag bør interkulturell kommunikasjon vere basert på eit meir dynamisk kultursyn, og handle om å sjå korleis menneske i same samfunn kan leve og forstå kvarandre i eit meir likeverdig samspel.

Intrakulturell kommunikasjon

To personar som kjenner kvarandre godt, som kanskje har vore mykje saman i barndommen, treng ikkje mange orda for å forstå kvarandre. Det går kanskje an å karakterisere denne kommunikasjonen som intrakulturell kommunikasjon – det vil seie kommunikasjon innanfor ein bestemd kultur. Ordet intra- betyr "innanfor" (må ikkje forvekslast med inter-, som betyr "mellom").

Kulturell avstand

Vi kan tenkje oss at kulturell avstand er ein skala, frå intrakulturell til interkulturell. Dersom dei som kommuniserer har veldig lik bakgrunn, kan vi seie at den kulturelle avstanden mellom dei er svært liten. Dersom dei har svært ulik bakgrunn, kan vi seie at det er stor kulturell avstand imellom dei.

Men kvar går grensa? Kva er innanfor, og kva er utanfor ein kultur? Skalaen er ikkje heilt uproblematisk. Heilt intrakulturelle kommunikasjonar finst sannsynlegvis ikkje i røynda. To menneske som har same språk, same livssyn og har same politiske overtyding, utdanning og musikksmak, har sjølvsagt meir felles enn to som snakkar kvart sitt språk, har ulike livssyn og har lese ulike bøker. Men to menneske er aldri heilt like, det vil alltid vere ein viss avstand mellom oss.

Teknisk sett er det dei same mekanismane som styrer all kommunikasjon, uansett kulturell avstand. Vi tolkar – og feiltolkar – signala til kvarandre, kroppsspråk, ord, teikn og handlingar.

Tenk over / diskuter:

Kva vil du gi som råd til nokon som spør korleis vi kan utforske og beskrive interkulturell kommunikasjon?

Kjelder:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Gudykunst, W. B, Young, Y. K. (2003). Communicating with strangars: an approach to intercultural communication. Mcgraw-Hill.

Allen, M. (red). (2017). Cross-Cultural Communication. I The SAGA Encyclopedia of Communication Research Methods. SAGE

Skrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021