Påverknaden frå engelsk - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Påverknaden frå engelsk

Engelsk er det språket som påverkar oss mest i dag. Kvifor er det slik?

Engelsk er det språket som påverkar norsk mest. Uttrykk som "å chille", "joine" og "chatte" høyrer vi hyppig i ungdomspraten. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå kvar uttrykk som "Han ruler!" eller "Den boka syg!" stammar frå. Det er ikkje fullt så vanleg at vaksne bruker slike ord og uttrykk.


Tenk over / diskuter:

Kvifor er ungdom meir mottakelege for påverknad frå andre språk enn vaksne?

Er du medviten kring om du bruker slike ord og uttrykk? Er det situasjonar der du ikkje ville brukt dei?

Engelsk domeneovertaking og kodeveksling

Det norske språket har vorte påverka av engelsk i over 1000 år. Mange lånord er henta frå det britiske øyriket eller det store nedslagsfeltet for det engelske språket. Dei siste tiåra har vi likevel sett ei ny utvikling.

Førsteamanuensis i engelsk Annjo Klungervik Greenall ved NTNU i Trondheim påpeikar i ein artikkel i Aftenposten at det gradvis skjer ei domeneovertaking (Christiansen, 2010). Dette vil seie at norske faguttrykk blir erstatta med engelske. Engelsk er òg er i ferd med å ta over som språk i oppgåveskriving, undervisning og lærebøker i dei høgare undervisningsinstitusjonane.

Eit anna fenomen når det gjeld lån frå andre språk, er kodeveksling. Medan det tidlegare var vanleg å berre ta i bruk enkeltord, tek vi no til oss heile setningar eller frasar. Ei stor inspirasjonskjelde her er realityprogram eller populære TV-seriar.

I starten av episoden av NRK-programmet Parterapi, som du ser lenkje til under, møter vi Samantha som kodevekslar i heile setningar. Kjenner du deg igjen i dette?

NRK TV: Parterapi – Romantikken

Truer engelsk det norske språket?

Mange fryktar at norsk språk skal tape terreng, at det skal bli utvatna og for påverka av andre språk. Delar av Øyvind Rimbereids diktsamling SOLARIS korrigert er skrive på vestnorsk, slik han ser for seg dette i år 2480.

Kva språk ser du spor av her? Trur du dette er ei sannsynleg utvikling?

Robots treng ne draumar.
SOMETIIMS ven aig ne svefndraum kan,
Aig draumen ein simpl, silly draum,
SO er den: Aig imago meg self
Lefa innside ein astroide vid hundre odder humans,
Reisen vekk frå System Sol,
Ne meir moons

(Øyvind Rimbereid, SOLARIS korrigert, Gyldendal, 2004)

Norvagisering og avløysarord

Eit tiltak for å motverke trusselen mot norsk språk, er såkalla norvagisering; det vil seie at ein tek utgangspunkt i det importerte ordet og tilpassar det til norsk skrivemåte.

Språkrådet har til dømes prøvd å fornorske skrivemåten; "teip" for tape og "pønk" for pønk. Dei prøvde seg òg med "beiken" for bacon, men møtte så store reaksjonar at det vart trekt tilbake.

Ei anna tilnærming er å innføre avløysarord. Døme her er nettlesar for browser, krøllalfa for @ og matkvern for kjøkenmaskin.


Tenk over / diskuter:

Bruker du nokon av desse norvagiseringane eller avløysarorda? Kva trur du er grunnane til at mange heller bruker dei engelske orda?

Engelskspråkleg kultur i medium og på nett

Den aukande og raske påverknaden vi ser frå engelskspråkleg kultur, kjem først og fremst frå media. Engelsk er det dominerande språket i filmar og TV-seriar på strøymeplattformer, og i nettforum og sosiale medium. SMS- og chattespråk med forkortingar som "lol" og "brb" er òg sterkt påverka av engelsk. Ungdom er storforbrukarar av desse media, og tek med seg engelske ord og uttrykk inn i språket sitt i langt større grad enn vaksne.

Berre 1 % engelske ord i 2009

I doktorgradsarbeidet sitt frå 2009 undersøkte Eli-Marie Danbolt Drange bruken av engelsk i daglegspråket til ungdommar. Ei gruppe Oslo-ungdommar mellom 13 og 18 år tok opp samtalane sine for å kartleggje i kva grad dei brukte engelske ord i daglegtalen. Ho kom til ein overraskande konklusjon: Av 100 000 ord slo det berre 1 % engelske ord. Blant dei vanlegaste var "kul", "kjip", "sorry", og "happy".


Tenk over / diskuter:

Trur du delen av engelske ord har endra seg sidan 2009, då undersøkinga vart gjord? Kva ord hadde stått på lista over engelske ord du bruker mest?

Kva er positive og negative sider ved at det engelske språket dominerer på nettet?


Kjelder:

Christiansen, P. (2010, 27. oktober). Heilt naturleg å bruke engelsk. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/brvdv/ndash-helt-naturlig-aa-bruke-engelsk

Røli, O. (2010, 15. mai). Lite engelsk i ungdomsspråk. Forskning.no. https://forskning.no/partner-barn-og-ungdom-universitetet-i-bergen/lite-engelsk-i-ungdomssprak/921628

Skrive av Eli M. Huseby og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021