Kva er standpunkt, argument og premiss? - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er standpunkt, argument og premiss?

I ein kvardag der du møter eit mylder av meiningar om alt mogleg, kan det vere lurt å stoppe opp og sjå nærare på korleis desse meiningsytringane er bygde opp.

Vi skal sjå nærare på omgrepa standpunkt, argument og premiss og bruke argumentasjonen i NRK-artikkelen "Ropstads dialekt skaper bekymring" som døme. Les gjennom artikkelen først.

NRK-journalistane bak artikkelen har mellom anna intervjua tidlegare UNE-sjef Ingunn-Sofie Aursnes. Ho meiner det er eit problem at personar som skal gi informasjon til offentlegheita, snakkar dialekt. For innvandrarar som held på å lære seg norsk, skaper dette nemleg store utfordringar:

Hun er bekymret for hvordan dialektbruk i det offentlige kan gjøre det ekstra krevende for innvandrere som forsøker å lære seg norsk. – Når vi skal nå alle med viktig informasjon, så er det viktig at man bør prøve å normalisere språkbruken.

Som døme nemner ho barne- og familieminister i 2021, Kjell Ingolf Ropstad, som har snakka dialekten sin under pressekonferansar om koronasituasjonen.

Standpunkt

Standpunktet til Ingunn-Sofie Aursnes, det vil seie meininga hennar i saka, er at dei som skal formidle viktig informasjon til offentlegheita, bør prøve å normalisere talemålet sitt.

Argument

Eit standpunkt skal grunngivast, og grunngivingane vi nemner for å underbyggje standpunktet vårt, kallar vi argument. Aursnes trekkjer fram særleg to argument når ho blir intervjua. Ho hevdar bruk av normalisert talemål er viktig fordi

  • vi må gi dei som lærer seg norsk all den hjelpa dei kan få

  • det sikrar at viktig informasjon om korona når fram til fleire

Motargument

Journalistane har òg bedt Kjell Ingolf Ropstad uttale seg i saka. Han er einig med Aursnes i at det er viktig å kommunisere på ein enkel måte, men han har òg motargument. Han trekkjer mellom anna fram nokre andre sider ved dialektbruk som han oppfattar som viktige:

– Dialekten er en del av min identitet, sier han, og peker på at han som politiker er svært opptatt av at folk skal få med seg det han sier.
– Derfor prøver jeg jo å kommunisere så tydelig som mulig, legge vekt på ordene, si de helt ut og prøve å ikke sluke ordene, sier han.

I tillegg peiker han på at han ikkje bruker mange særeigne dialektord i daglegtalen sin, og at informasjon om korona blir formidla til offentlegheita òg på fleire andre språk enn norsk.

Premiss

Ein argumentasjon byggjer alltid på nokre premissar. Ein premiss er ein føresetnad som avsendar går ut frå at det er einigheit om, og som derfor ikkje treng noka nærare grunngiving. Svært ofte blir premissar ikkje nemnde ein gong, dei er underforståtte.

Vi kan til dømes seie at argumentasjonen til Ingunn-Sofie Aursnes føreset at lesaren er einig i desse premissane:

  • Offentlege personar har eit ansvar for å kommunisere på ein slik måte at alle kan forstå dei.

  • Det er vanskeleg for innvandrarar som lærer seg norsk, å forstå norske dialektar.

Premissane bak Ropstads forsvar for dialektbruk kan formulerast slik:

  • Å normalisere talemålet betyr å miste ein del av identiteten.

  • Det er fullt mogleg å kommunisere godt på dialekt, berre du snakkar langsamt og tydeleg og unngår særeigne dialektord.

Meir om premissar

Omgrepet premiss bruker vi i daglegtalen i betydninga "grunnlag" eller "føresetnad". Ordet stammar frå logikken og blir der brukt som faguttrykk for den første delen av ei logisk slutning. Slutninga som vi trekkjer på grunnlag av premissane, kallar vi konklusjon. Vi ser på eit enkelt døme:

Alle partala er delelege med to. (premiss)
Talet åtte er eit partal. (premiss)
_________________________________
Talet åtte er deleleg med to. (konklusjon)


I dømet ovanfor er det nokså lett å få kontrollert om premissane er sanne eller ikkje. Men kva med denne "logiske" slutninga:

Nordmenn er late. (premiss)
Ola er nordmann. (premiss)
_______________________
Ola er lat. (konklusjon)

Her er logikken upåklageleg, men er den første premissen sann? Han er i det minste tvilsam, og nesten umogleg å bevise. Og når premissane er tvilsame eller usanne, blir heller ikkje konklusjonen sann, same kor gyldig slutninga er reint logisk.

Likevel har du sikkert fått høyre "bevisførsel" av denne typen ganske ofte. Fordommar kallar ein slike generaliseringar på kvardagsspråket, og dei ser ut til å vere vanskelege å utrydde. Desto viktigare er det å vere merksam på dei.

Å vurdere og vege argument

Aursnes og Ropstad har lagt vekt på ganske ulike sider og konsekvensar ved dialektbruk. Aursnes er mest oppteken av omsynet til menneske som ikkje har norsk som morsmål. Ropstad er prinsipielt einig i at enkel kommunikasjon er viktig, men han trekkjer òg fram dialektbruk som ein verdi i seg sjølv. Denne verdien må vegast opp mot målet om å bli forstått av alle.

Argument kan vere fakta, men dei kan òg vere antakingar som er meir eller mindre sannsynlege eller rimelege. Når du vurderer argumenta, bør du stille deg desse spørsmåla:

  • Er informasjonen som argumenta kviler på, korrekt?

  • Er samanhengane som argumenta peiker på, sannsynlige?

  • Er du einig i normene og verdiane i premissane?

  • Er argumenta relevante, eller er dei på sida av saka?

  • Kor tungt veg dei enkelte argumenta i forhold til motargument?

Tenk over / diskuter

Dialektbruk eller ikkje ved informasjon frå styresmakter?

  • Kva er standpunktet ditt i dette spørsmålet?

  • Korleis kom du fram til dette standpunktet?

Fråversgrense i vidaregåande skule

  • Kva premissar ligg til grunn for standpunkta for og imot fråversgrense i vidaregåande skule?

Kjelder:

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

Skrive av Marion Federl, Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021