Blinkskot? Bilete, etikk og kjeldekritikk - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Blinkskot? Bilete, etikk og kjeldekritikk

I NRK-seiren Norsk-ish tek ein av hovudpersonane eit bilete som skaper mange sterke reaksjonar. Kva kan vi lære om biletdeling, etikk og kjeldekritikk?

Sjå heile første episoden av serien Norsk-ish, og gjer oppgåvene under:

Første episode av serien Norsk-ish på NRK

1. Eit sterkt bilete

  • Kvifor trur du Fariba nølte med å dele biletet ho tok på sosiale medium?
  • Ho gjer det likevel og får tusenvis av reaksjonar. Kva slags tolkingar av biletet kan ho forvente seg når det blir delt så breitt på sosiale medium?
  • Kva hadde du tenkt om dette biletet om det dukka opp i biletstraumen din?

2. Kva er konteksten?

  • Korleis trur du samhandlinga mellom dei to kvinnene på biletet var før og etter den augneblinken som Fariba fanga med kameraet sitt?
  • Sjå andre episode frå 06:33 til 07:20. Her får vi vite meir om konteksten for biletet, og om reaksjonane biletet får. Andre episode av NRK-serien Norsk-ish
  • Helin meiner at Fariba bør slette biletet. Kva er grunngivinga hennar, og kva tenkjer du om det?

3. Lag etiske og kjeldekritiske retningslinjer for biletdeling

  • Kan vi lære noko av dette når det gjeld kjeldekritikk og etiske vurderingar for biletdeling ?
  • Kva for nokre etiske vurderingar bør du ta før du vel å dele eit bilete?
  • Gå saman i par og formuler nokre kritiske spørsmål som de kan stille dykk sjølve når de ser bilete som kan ha sterk påverknadskraft.
  • Del med klassen, og bli samde om nokre punkt som de får opp på eit oppslag i klasserommet.

4. Bruk det du har lært

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020