Forklaringar til grammatikk til leksjon 14 - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk til leksjon 14

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "For mykje press".

1. 赶不上 gǎnbushàng og 吃不惯 chībuguàn

成绩就是赶不上 chéngjī jiù shì gǎnbushàng

我觉得这边的饭我吃不惯 wǒ juéde zhèbian dei fàn wǒ chībuguàn

赶不上 gǎnbushàng og 吃不惯 chībuguàn er begge såkalla potensielle komplementskonstruksjonar (sjå leksjon 9 punkt 4). I desse to eksempla er likevel betydninga noko idiomatisk (det vil seie at betydninga ikkje nødvendigvis kan lesast rett ut ifrå dei enkelte orda si sjølvstendige betydning). Strukturen er:

verb

adverb

komplement


gǎn
skunde seg


bu
IKKJE


shàng
"lykkast"*


chī
ete


bu
IKKJE


guàn
bli van med

*上 shàng kan tolkast her som "nå opp", eventuelt "lykkast" i å utføre verbet det står til.

Det første eksempelet betyr "å ikkje klare å rekkje". Det andre betyr "å ikkje greie å bli van med å ete". Setninga desse finst i, skal dermed forståast på følgjande måte:

成绩就是赶不上 chéngjī jiù shì gǎnbushàng – "når det gjeld karakterane, så greier eg ikkje å hengje med"

这边的饭我吃不惯 zhèbian dei fàn wǒ chībuguàn – "eg klarer ikkje å bli van med maten her"

I begge setningane kan erstattast med dei, for å uttrykkje positiv variant: "å klare å rekkje" og "å klare å bli van med (å ete)".

Lengre nede i dialogen har vi setninga 我要做的事情太多了,根本忙不过来。 Wǒ yào zuò dei shìqing tài duō le, gēnběn mángbuguòlái. Dette er òg ein potensiell komplementsstruktur, men her er sjølve komplementet eit samansett retningskomplement (sjå leksjon 10 punkt 1). Uttrykket er ikkje nødvendigvis transparent når ein set det om til norsk og treng dermed ei forklaring:

Verb

Adverb

Komplement


máng
oppteken


bu
IKKJE

过来
guòlái
"krysse over"

Formuleringa "krysse over" kan her tolkast som at ein er for oppteken til at ein klarer å innhente seg, eventuelt at ein ikkje rekk over ting eller får ting til å gå rundt. Uttrykket er ofte brukt i daglegtalen når ein har mykje å gjere.

2. 感到 gǎndào

感到 gǎndào er ein resultativ komplementsstruktur (sjå òg leksjon 2 punkt 4), men sjølve uttrykket krev ei ekstra forklaring:

gǎn betyr «å føle» og dào betyr «å kome», men fungerer her som (resultativt) komplement og får betydninga at ein når / kjem fram til ei viss kjensle eller aning. I setninga 我最近总是感到郁闷 Wǒ zuìjiìn zǒngshì gǎndào yùmèn uttrykkjer 感到 gǎndào at vedkomande har kome til å erfare kjensla av mismot. Her er nokre andre eksempel:

听到他的话,我感到不舒服。 Tīngdào tāde huà, wǒ gǎndào bù shūfu. – "Då eg høyrde kva han sa, følte eg meg ukomfortabel."

最近感到很幸福,事情都顺利。 Zuìjiìn gǎndào hěn xìngfu, shìqing dōu shùnlì. – "I det siste er eg særs lykkeleg, ting går veldig bra."

3. 一周一次 yì zhōu yí cì

我们每周一起锻炼几次 Wǒmen měi zhōu yìqǐ duànliàn jǐ cì

次 cì på kinesisk betyr "gong" og uttrykkjer talet/frekvensen noko hender med, til dømes:

你去过几次中国? Nǐ qùguo jǐ cì Zhōngguó?
我去过两次。 Wǒ qùguo liǎng cì.

Skal ein spørje om kor ofte noko skjer i løpet av ein periode, kjem tidsperioden først følgd av spørsmålet om tal, etter formelen:

Subjekt

Periode

Verb

Frekvens

Objekt

Type


一周
yì zhōu


chī

几次
jǐ cì

中国菜?
Zhōngguó cài?

spørsmål


一周
yì zhōu


chī

三次
sān cì

中国菜。
Zhōngguó cài.

svar

Tidsuttrykket i kolonnen «periode» kan sjølvsagt bytast ut med alternativ, som 一个月 yí ge yuè, 一年 yì nián, 一个学期 yí ge xīngqī osb., alt ettersom.

Relatert innhald

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020