Forklaringar til grammatikk til leksjon 11 - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk til leksjon 11

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Idrett.

1. AA,可是…

棒球好看是好看,可是我觉得足球更好看。
Bàngqiú hǎokàn shì hǎokàn, kěshì wǒ juéde zúqiú gèng hǎokàn.
«Baseball er (forsåvidt) gøy å sjå på, men eg tykkjer fotball er gøyare å sjå på.»

Konstruksjon AA,可是/但是… A shì A, kěshì/dànshì ... blir brukt når vi erkjenner at A er gyldig med omsyn til noko, men når vi vil leggje til at noko anna er endå betre, gøyare, penare, osv. Eksempel:

美国电影好是好,可是中国电影更好。
Měiguó diànyǐng hǎo shì hǎo, kěshì Zhōngguó diànyǐng gèng hǎo.
«Amerikanske filmar er bra, men kinesiske er betre.»

中国菜好吃是好吃,但是意大利菜更好吃。
Zhōngguó cài hǎochī shì hǎochī, dànshì Yìdàlì cài gèng hǎochī.
«Kinesisk mat smakar godt, men italiensk smakar betre.»

他的中文好是好,可是我的中文比他好。
Tāde zhōngwén hǎo shì hǎo, kěshì wǒde zhōngwén bǐ tā hǎo.
«Kinesisken hans er bra, men min er betre.»

Fleire eksempel:
这个东西好是好,可是太贵。
Zhè ge dōngxi hǎo shì hǎo, kěshì tài guì.
«Denne tingen er (forsåvidt) bra, men han er for dyr.»

老师教得好是好,可是功课很多。
Lǎoshī jiāo de hǎo shì hǎo, kěshì gōngkè hěn duō.
«Læraren underviser bra nok, men det er for mykje lekser.»

2. dào og 不如 bùrú

是吗,我倒觉得看足球好无聊,不如棒球。

Shì ma, wǒ dào juéde kàn zúqiú hǎo wúliáo, bùrú bàngqiú.

dào er eit adverb og blir plassert framfor verb når vi vil uttrykkje tydinga «derimot».

Samanlikn:
你觉得他是个好人,我倒觉得他不行。
Nǐ juéde tā shì ge hǎorén, wǒ dào juéde tā bù xíng.
«Du tykkjer han er ein fin fyr, eg tykkjer derimot at han ikkje er bra.»

er med framfor verbet «å tykkje» i andre leddsetning fordi det person A tykkjer, står i kontrast til det person B tykkjer.

不如 bùrú tyder eigentleg «ikkje som ...» / «ikkje lik …» og blir brukt når vi vil seie at noko ikkje heilt kan måle seg med noko anna eller ikkje heilt kan samanliknast med det. Eksempel:

看足球好无聊,不如看棒球。
Kàn zúqiú hǎo wúliáo, bùrú kàn bàngqiú.
«Det er kjedeleg å sjå på fotball, det er ikkje som å sjå på baseball.» (Ergo: Baseball er betre.)

Uttrykket 不如 blir òg brukt med ei litt utvida tyding: Når vi vil oppfordre til eit alternativ vi tykkjer er betre, eller komme med ei bønn. Eksempel:

1.
-你要去电影院吗?
-Nǐ yào qù diànyǐngyuàn ma?
-«Vil du dra på kino?»

-我们钱都花完了,不如在家里看碟。
-Wǒmen qián dōu huāwán le, bùrú zài jiāli kàn dié.
-«Vi har brukt opp alle pengane, vi bør heller sjå film heime.»

2.
你这么常常去玩儿,这次不如留在这儿陪我们。
Nǐ zhème chángcháng qù wánr, zhè cì bùrú liú zài zhèr péi wǒmen.
«Du reiser så ofte ut for å ha det gøy, denne gongen burde du heller bli her med oss.»

3. Emfatisk bruk av de

滑雪比赛蛮好看的,长跑、下坡都挺让人激动的。

Huáxuě bǐsài mán hǎokàn de, chángpǎo, xiàpō dōu tǐng ràng rén jīdòng de.
«Skirenn er ganske moro å sjå på, både langrenn og utfor er ganske spennande.»

Ein tilleggsfunksjon har som skil seg frå dei andre vi har lært om tidlegare, er når han eigentleg berre blir brukt for å leggje vekt på det som står framfor. I eksempelsetninga over uttrykkjer han berre at skikonkurranse er veldig kjekt å sjå på, og at langrenn og utforrenn er veldig spennande. Den same setninga utan ville ha hatt same tyding, men vore mindre entusiastisk i ordlyden.

4. 起来 qǐlái og 下去 xiàqù

Uttrykka 起来 qǐlái og 下去 xiàqù tyder høvesvis «opp» og «ned(over)», men kan òg brukast med to andre, overførte tydingar. Desse kan funksjonsmessig minne om aspektpartiklar (som le, guo og zhe), men blir brukt med desse, meir spesifikke tydingane:

是啊!可惜这里没有滑雪的地方。我快三个月没运动了,都开始胖起来了。

Shì a! Kěxī zhèlǐ méi yǒu huáxuě de dìfang. Wǒ kuài sān ge yuè méi yùndòng le, dōu kāishǐ pàngqǐlái le.
«Nettopp! Så synd at det ikkje er nokon stader å gå på ski her. Eg har ikkje trent på snart 3 månader og har allereie begynt å bli tjukk.»

VERB eller ADJEKTIV + 起来 tyder «begynne å VERB» / «å bli ADJEKTIV». Eksempel:

他们开玩笑,开始笑起来了。
Tāmen kāi wánxiào, kāishǐ xiàoqǐlái le.
«Dei fortalde vitsar og begynte å le.»

他说错了,脸红起来了。
Tā shuōcuò le, liǎn hóngqǐlái le.
«Han sa feil og blei raud i ansiktet.»

起来 brukt på denne måten tyder at tilstanden eller handlinga blir innleidd / sett i gang.

下去 har tydinga «å halde fram med å VERB», men kan òg stå saman med sjølve verbet «å halde fram», 继续 jìxù, som her:

真的,这样继续下去不行。

Zhēnde, zhèyàng jìxùxiàqù bù xíng.
«Det er sant, det går ikkje an å halde fram på denne måten.»

Andre eksempel:

你的故事很精彩,请说下去。
Nǐde gùshi hěn jīngcǎi, qǐng shuōxiàqù.
«Forteljinga di er spennande, ver vennleg å halde fram.»

我没有时间停留,我得开下去。
Wǒ méi yǒu shíjiān tíngliú, wǒ děi kāixiàqù.
«Eg har ikkje tid til å stoppe, eg må køyre vidare.»

Litt lenger nede i dialogen ser vi òg denne setninga:

跑步特别辛苦,我恐怕坚持不下去。

Pǎobù tèbié xīnkǔ, wǒ kǒngpà jiānchí-buxiàqù.
«Å jogge er svært tungt, eg er redd for at eg ikkje klarer å halde ut.»

Her ser vi ein potensiell komplement-struktur kombinert med

下去

. Begge elementa fungerer framleis likevel etter reglane vi har lært. Samanlikn:

坚持下去 jiānchíxiàqù – «å halde fram med å halde ut»
坚持不了 jiānchíbùliǎo – «å ikkje klare å halde fram»
坚持得下去 jiānchí-dexiàqù – «å klare å halde fram med å halde ut»
坚持不下去 jiānchí-buxiàqù – «å ikkje klare å halde fram med å halde ut»

5. Spørjeord som uspesifisert nomen

别的运动也可以,哪个能减肥就做哪个。

Biéde yùndòng yě kěyǐ, nǎ ge néng jiǎnféi jiù zuò nǎ ge.
«Anna trening er òg greitt, lat oss drive med trening som er slankande.»

Vi har tidlegare lært at visse spørjeuttrykk også kan brukast til å erstatte eit uspesifisert nomen i ei setning, og at det då mistar den spørjande tydinga. Samanlikn:

你喜欢什么,就吃什么。
Nǐ xǐhuan shénme, jiù chī shénme
«Et det du liker (du liker KVA, et KVA).»

你要哪个,就拿哪个。
Nǐ yào nǎ ge, jiù ná nǎ ge.
«Ta den du vil ha.»

你爱谁,就跟谁结婚吧,我们没有意见。
Nǐ ài shéi, jiù gēn shéi jiéhūn ba, wǒmen méi yǒu yìjiàn.
«Gift deg med den du elskar, vi har inga formeining om det.»

6. de vs. de

那我们就一起做瑜伽好了,我已经做了两个星期了,慢慢的动作,可是对身体健康很有益。

Nà wǒmen jiù yìqǐ zuò yújiā hǎo le, wǒ yǐjīng zuò le liǎng ge xīngqī le, mànmàn de dòngzuò, kěshì duì shēntǐ jiànkāng hěn yǒuyì.

慢慢的动作 mànmàn de dòngzuo – «sakte rørsler»

大家刚开始练的时候都一样,你慢慢地练吧,你的身体很快就柔软起来了,肚子也会小多了。
Dàjiā gāng kāishǐ liàn de shíhou dōu yíyàng, nǐ mànmàn de liàn ba, nǐde shēntǐ hěn kuài jiù róuruǎnqǐlái le, dùzi yě huì xiǎo duō le.

慢慢地练 mànmàn de liàn – «tren/øv sakte»

Dei to elementa plukka ut frå kvar setning over illustrerer ein viktig forskjell mellom og når dei blir brukte til å indikere eit endosentrisk modifiseringsforhold (der delen før beskriv delen etter). Det første eksempelet er ein nominalfrase, og den andre er ein verbalfrase. Vi ser at i 慢慢的动作 mànmàn de dòngzuò er 动作 eit nomen, «rørsle» (som òg er gjort eksplisitt fordi det har nettopp framfor seg), mens i 慢慢地练 mànmàn de liàn har vi eit verb som kjerne, og 慢慢 uttrykkjer måten subjektet utfører verbhandlinga «å trene» på.

Samanlikn òg desse to setningane:

a) 练习得很慢 liànxí de hěn màn
b) 很慢地练习 hěn màn de liànxí

I kinesisk grammatikk finst det eit overordna prinsipp om at det som kjem før i ei setning, har ein logisk prioritet over det som kjem etter. Forskjellen mellom dei to setningane over er derfor at i a) er elementet 很慢 ei beskriving av korleis handlinga 练习 – «å øve» – blir oppfatta. Det er altså ei subjektiv vurdering (gjerne frå eksternt hald).

I b) står 很慢 framfor verbet og beskriv måten handlinga reelt sett blir utført på. Vi kan seie at det reint objektivt sett er den faktiske karakteren til handlinga.

I b) er «sakte» til stades som ein faktor før handlinga i det heile teke har blitt utført, mens i a) er «sakte» ei rørsle som blir tilskriven handlinga først etter at ho er ein realitet.

Relatert innhald

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 01.07.2017