Forklaringar til vokabular i leksjon 9 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til vokabular i leksjon 9

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen På kjøpesenteret.



Hugselappen

  • 哎呀

    āiyā = «Å nei!».

  • a forsterkar utsegnet.

  • ǹg uttrykkjer forståing/stadfesting.

  • 刀叉

    = «bestikk».

  • 多少

    duōshao = «kor mykje».

  • děi er eit hjelpeverb.

  • 各种各样

    gèzhǒng-gèyàng uttrykkjer mangfald.

  • Kinesisk manglar ofte preposisjonar mellom verb og objekt.
  • 一共

    yígòng = «til saman».

  • 谢谢光临

    xièxie guānglín = «takk for besøket».


1. 哎呀 āiyā


Fast utrykk/utrop: «Å nei!» / «Hjelpe meg!». Blir brukt ved negativ overrasking.

2. 好啊 hǎo a


a fungerer som eit tydeleg utropsteikn. a forsterkar hǎo og gjer utsegnet meir entusiastisk.

3. ǹg


Blir uttalt som endinga til for eksempel shēng åleine. Blir brukt til å uttrykkje forståing eller stadfesting.

4. 刀叉 dāochā

刀叉 dāochā – «kniv + gaffel»: Fast uttrykk som kan tyde «bestikk» eller «kniv og gaffel».

5. 多少 duōshao

多少 duōshao – «mykje-lite»: Fast uttrykk som ved å kombinere to motsette tydingar får meininga «kor mykje». Blir sett framfor eit nomen for å spørje om kvantitet:

多少钱? duōshao qián? – «kor mykje pengar?»
多少人? duōshao rén? – «kor mange personar?»

Samanlikn med uttrykket 大小 dàxiǎo («stor-liten» = «storleik»). 大小 dàxiǎo er derimot eit nomen:

这件衣服的大小不对。
Zhè jiàn yīfu de dàxiǎo bú duì.
«Storleiken på dette plagget er feil.»

6.

Merk at dette teiknet her blir uttalt děi og er eit hjelpeverb. Dette må skiljast frå tilfelle der det same teiknet blir uttalt de og blir brukt som grammatisk markør i komplementsstrukturar (sjå leksjon 12).

7. 各种各样 gèzhǒng-gèyàng


各种各样 gèzhǒng-gèyàng – «kvar type, kvar form»; «av all slags typar». Blir brukt til å uttrykkje mangfald. Eksempel:

我喜欢听各种各样的音乐。
Wǒ xǐhuan tīng gèzhǒng-gèyàng de yīnyuè.
«Eg liker å høyre på all slags musikk.»

- 这里卖什么东西?- 各种各样的(东西)。
- Zhèlǐ mài shénme dōngxi? - Gèzhǒng gèyàng de (dōngxi).
- «Kva slags ting sel de her?» - «All slags ting.»

8. 换别的 huàn biéde


Merk at der vi på norsk ville sagt «byte til noko anna», seier vi berre «byte anna» på kinesisk. Mange verb fungerer slik på kinesisk; der vi ville ha hatt ein preposisjon på norsk, står objektet åleine på kinesisk:

说别的 / 说语法
shuō biéde / shuō yǔfǎ
«snakke OM noko anna» / «snakke OM grammatikk»

哭什么? / 哭穷。
Kū shénme? / Kū qióng.
«Gråte over kva?» / «Klage OVER at ein ikkje har pengar.»

9. 一共 yígòng


一共 yígòng – «til saman» / «samanlagt». Blir brukt framfor pengesummar eller ein gitt kvantitet av noko eller framfor spørjeuttrykket 多少 duōshao til å spørje om ein (total)sum av noko. Eksempel:

- 一共多少钱? - 一共三百块钱。


- Yígòng duōshao qián? - Yígòng sānbǎi kuài qián.


- «Kor mykje kostar det til saman?» - «300 yuan til saman.»



- 一共几本书? - 一共三十本书。
- Yígòng jǐ běn shū? - Yígòng sānshí běn shū.

- «Kor mange bøker til saman?» - «30 bøker til saman.»

10. 谢谢光临 xièxie guānglín


Dette er eit fast uttrykk som direkte omsett tyder «Takk for at du kom så skinande.» Tradisjonelt høflegheitsuttrykk som blir brukt når ein seier ha det til kundar eller gjester (i restaurant, butikk, osv.).

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017