Forklaringar til vokabular i leksjon 8

Hugselappen
别 bié og 不要 bú yào = "Ikkje ...!"
边 biān, 里 lǐ og 儿 -r har same funksjon etter 那 nà og 这 zhè.
1. 不要 bú yào
不要 bú yào og 别 bié betyr det same og blir brukte likt når dei blir brukte i negativ imperativ-setningar. Dei kjem begge framfor verb og uttrykker ei formaning som: "Ikkje …!". Dei blir brukte når ein vil gi ein "ordre" eller ei streng fråråding om noko. Døme:
别去那儿! Bié qù nàr! – "Ikkje dra dit!"
你不要说话! Nǐ bú yào shuōhuà! – "Ikkje snakk!"
2. 那边 nàbiān
Både 那边 nàbiān, 那里 nàlǐ og 那儿 nàr betyr "der", og både 这边 zhèbiān, 这里 zhèlǐ og 这儿 zhèr betyr "her". Betydninga er altså den same, uavhengig av om det er 边 biān, 里 lǐ eller 儿 -r som kjem etter 那 nà eller 这 zhè. Litt avhengig av kvar du er i Kina, vil enkelte vere vanlegare enn andre, men betydninga er den same. Endinga 儿 -r er ikkje vanleg i skriftleg kinesisk, med mindre du siterer munnleg tale.