Forklaringar til vokabular i leksjon 10 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til vokabular i leksjon 10

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen Transport.



Hugselappen

  • 怎么办

    zěnmebàn = «Kva skal vi gjere?».

  • 还是

    háishi = «framleis»; «bør heller».

  • huì = «kjem til å ...».

  • 这样

    zhèyàng = «på denne måten».

  • yào kan tyde «ikkje ...!».

  • 如果

    rúguǒ = «viss».

  • jiù uttrykkjer at noko skjer tidlegare enn forventa.

  • cái uttrykkjer at noko skjer seinare enn forventa.

  • 除了…

    chúle ... = «i tillegg til ...».

  • 正在

    zhèngzài uttrykkjer at noko skjer akkurat no.


1. 怎么办? Zěnmebàn?


怎么办 zěnmebàn er eit fast uttrykk, som likevel følgjer mønsteret 怎么 zěnme + verb. Verbet bàn tyder «å gjere» / «å handtere», og direkte omsett tyder uttrykket «Korleis handtere?». Det blir brukt som eit konkret spørsmål når ein er usikker på korleis ein skal handtere ei gitt problemstilling, men kan òg brukast som eit litt fortvila utsegn: «Kva skal vi gjere?!».

Samanlikn med setninga under (sjå òg leksjon 11, punkt 1 og 3):

我教你们怎么坐地铁,好吗?
Wǒ jiāo nǐmen zěnme zuò dìtiě, hǎo ma?
«Eg lærer dykk korleis de skal ta T-bana, OK?»

Her ser vi korleis 怎么 zěnme framfor verbet zuò konkret spør etter korleis ein skal ta T-bana.

2. 我还是喜欢打车,很方便

Mønsteret over er ei uttrykksform vi bruker når vi vil uttrykkje at vi føretrekk noko, eller at noko blir sett på som det beste alternativet. Det er avleidd av 还是 háishi – «framleis vere», som er forklart i grammatikken. Eksempelsetninga kan forståast slik: «Eg er framleis slik at eg liker å ta taxi». Talaren står her overfor eit alternativ, som er å ta T-bane i staden for taxi, men overfor dette valet er han/ho framleis ein som føretrekk å ta taxi.

Eksempel:

我还是觉得打车方便。
Wǒ háishi juéde dǎchē fāngbiàn.
«Eg tykkjer framleis at å ta taxi (samanlikna med noko anna) er mest praktisk.»

Ein annan struktur med 还是 háishi + ba er òg vanleg, men har ei litt anna tyding:

我们还是打车吧。
Wǒmen háishi dǎchē ba.
«Vi bør heller ta taxi.» / «Lat oss heller ta taxi.»

ba som del av dette mønsteret er valfritt og tyder «å burde ...». Samanlikn med 应该 yīnggāi.

Se òg punkt 3 under grammatikken.

3. huì – «kjem til å ...»

…可是现在打车会很慢,而且打车很贵!
... kěshì xiànzài dǎchē huì hěn màn, érqiě dǎchē hěn guì!
«... men no vil det ta lang tid å ta taxi, og det er dyrt!»

huì skil seg frå yào på den måten at huì berre uttrykkjer at noko kjem til å skje (at det er sannsynleg eller er ein logisk konsekvens av noko). yào inneheld eit (ofte sterkt) element av vilje.

Samanlikn:

我要去中国。  «Eg skal/vil gjerne dra til Kina.»
Wǒ yào qù Zhōngguó.


我会去中国。 «Eg kjem til å dra til Kina.»
Wǒ huì qù Zhōngguó.

4. 这样 zhèyàng


好的,这样我们可以省钱。好主意!
Hǎode, zhèyàng wǒmen kěyǐ shěngqián. Hǎo zhǔyì!
«OK, på denne måten kan vi spare pengar. God idé!»

这样 zhèyàng / 那样 nàyàng – «på denne måten / på den måten» – blir brukt til å beskrive ein gitt måte å gjere noko på. Dei kan stå framfor subjektet eller framfor verbet. 这么 zhème og 那么 nàme kan derimot berre stå framfor verbet.

I tillegg beskriv 这么 zhème / 那么 nàme (eller 这样 / 那样 viss framfor verbet) berre måten verbet som dei står rett framfor, blir utført på. Men når 这样 / 那样 kjem framfor subjektet, slik som i setninga over, uttrykkjer det ofte ei kondisjonal tyding. Det vil seie at det uttrykkjer vilkåra/føresetnadene som, dersom dei blir innfridde, ligg til grunn for det som blir sagt i resten av setninga.

«这样我们可以省钱。» uttrykkjer dermed at under visse vilkår (i dette tilfellet at ein tek T-bane i staden for taxi) kan det sparast pengar.

Samanlikn:

他喜欢这样/这么省钱。
Tā xǐhuan zhèyàng/zhème shěngqián.
«Han liker å spare pengar på denne måten.»
(for eksempel ved å putte hundre kroner på ein sparegris kvar veke, i motsetning til for eksempel å overføre månadleg til ein sparekonto)

这样,他可以省钱。
Zhèyàng, tā kěyǐ shěngqián.
«På denne måten kan han spare pengar.»
(for eksempel viss han ikkje et ute i vekedagane)

5. yào

我们是学生,不要花太多钱!
Wǒmen shì xuésheng, bú yào huā tài duō qián!

yào kan brukast på litt forskjellige måtar:

不要 bú yào kan vere ei anna form av uttrykket bié + verb! = «Ikkje + verb!»

Eksempel:
不要去! Bú yào qù! / 别去! Bié qù! – «Ikkje dra!»

I eksempelsetninga øvst blir ikkje yào brukt til å gi nokon andre ein ordre (= imperativsetning: «Ikkje …!»), men i staden til å uttrykkje kva subjektet eller objektet i setninga sjølv ikkje må eller ikkje burde gjere: «Vi er studentar, (vi) må/bør ikkje bruke for mykje pengar!».

6. 如果…的话…

如果 rúguǒ innleier ei viss-setning, og jiù kan brukast i andre halvdel for å innleie konsekvensen. Ofte heng òg 的话 de huà bakpå viss-delen av setninga.

Eksempel:

如果你不吃(的话),我(就)吃。
Rúguǒ nǐ bù chī (de huà), wǒ (jiù) chī.
«Viss ikkje du et (han/det), så gjer eg det.»

如果 rúguǒ og 要是 yàoshi er synonyme (tyder det same) og kan brukast om kvarandre. jiù er på same måte valfritt i den andre leddsetninga for begge, men er som regel oftare med enn ikkje.

7. Adverba jiù og cái


jiù uttrykkjer at noko skjer tidlegare enn forventa, og kan omsetjast med «allereie (då)».

我们八点上课,可是我七点半来学校。
Wǒmen bā diǎn shàngkè, kěshì wǒ qī diǎn bàn jiù lái xuéxiào.
«Vi har time klokka åtte, men eg kjem til skulen allereie halv åtte.»

uttrykkjer derimot at noko skjer seinare enn forventa, og kan omsetjast med «først (då)».

我们八点上课,可是他八点半来。
Wǒmen bā diǎn shàngkè, kěshì tā bā diǎn bàn cái lái.

«Vi har time klokka åtte, men han kom først halv ni.»

Hugs at som adverb må jiù og cái komme rett framfor verbet. Legg merke til understrekinga.

8. 除了…以外,还 / 也…

除了省钱以外,还可以省时间!
Chúle shěngqián yǐwài, hái kěyǐ shěng shíjiān!

Denne strukturen blir brukt til å uttrykkje «i tillegg til, så …» og blir brukt med ...

hái viss det som kjem i tillegg, er objektet:
除了你以外,她还喜欢我。 Chúle nǐ yǐwāi, tā hái xǐhuan wǒ.
«I tillegg til deg liker ho òg meg.»

viss det som kjem i tillegg, er subjektet:
除了你以外,她也喜欢我。Chúle nǐ yǐwài, tā yě xǐhuan wǒ.
«Ho liker meg òg, i tillegg til deg.» (= du liker òg meg)

hái:

我除了吃饭以外,还喜欢睡觉。
Wǒ chúle chīfàn yǐwài, hái xǐhuan shuìjiào.
«I tillegg til å ete liker eg òg å sove.»

我除了你以外,还喜欢美玉。
Wǒ chúle nǐ yǐwài, hái xǐhuan Měiyù.
«I tillegg til deg liker eg òg Meiyu.»

Merk at 除了…以外 -delen like gjerne kan komme framfor subjektet. Samanlikn med dette:

除了吃饭以外,我还喜欢睡觉。
Chúle chīfàn yǐwài, wǒ hái xǐhuan shuìjiào.

除了你以外,我还喜欢美誉。
Chúle nǐ yǐwài, wǒ hái xǐhuan Měiyù.

yě:

Dersom subjektet* også gjer/er noko, er det vanleg å bruke yě i staden for hái. Samanlikn:

除了挪威人以外,中国人也喜欢喝啤酒。
Chúle nuówēirén yǐwài, zhōngguórén yě xǐhuan hē píjiǔ.
«Sameleis som nordmenn liker òg kinesarar å drikke øl.»

*Subjektet er ikkje det som står mellom 除了 chúle og 以外 yǐwài, altså 挪威人 nuówēirén.

I eksempelsetninga frå leksjonsteksten, 除了省钱以外,还可以省时间!Chúle shěngqián yǐwài, hái kěyǐ shěng shíjiān!, er subjektet utelate, men kjent ut frå konteksten. Det kunne òg ha stått 除了省钱以外,我们还可以省时间!Chúle shěngqián yǐwài, wǒmen hái kěyǐ shěng shíjiān!. dōu kan òg brukast i denne konstruksjonen, då med tydinga «bortsett frå». Eksempel:

除了我以外,(他们)都不想去。
Chúle wǒ yǐwài, (tāmen) dōu bù xiǎng qù.
«Bortsett frå meg vil ingen dra.»

除了我以外,(你们)都是学生。
Chúle wǒ yǐwài, (nǐmen) dōu shì xuésheng.
«Bortsett frå meg er alle studentar.»

9. 正在 zhèngzài

地铁正在进站。 Dìtiě zhèngzài jìnzhàn.

正在 zhèngzài er eit adverb som blir brukt til å uttrykkje at handlinga blir utført / skjer i den augneblinken som blir skildra. Setninga over kan omsetjast med «T-bana kjem til perrongen akkurat no / i denne augneblinken». 正在 zhèngzài blir plassert framfor verbet. Eksempel:

他正在看书。 «Han les akkurat no.»
Tā zhèngzài kànshū.

孩子正在吃饭。 «Barna et akkurat no.»
Háizi zhèngzài chīfàn.

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017